Årdal: Det nye seriesystemet, fører til at ingen lag i 3 divisjon (nivå 4) rykker opp i denne sesongen. Det blir dei fire beste i kvar avdeling, samt dei åtte beste femmarane som overlever på fjerde nivå.
Såleis blir det eit relativt stort nedrykk frå fjerde til femte nivå.
Samstundes betyr det at halvparten av laga i 2 divisjon rykker ned etter sesongen.
Dette kan få konsekvensar for Årdal FK som spelar i 3.divisjon denne sesongen.
24 avdelingar i 4.divisjon
Det nye seriesystemet innebærer at det vil vere to divisjonsavdelingar i nivå 3, seks divisjonsavdelingar i nivå 4 og heile 24 divisjonsavdelingar i nivå 5 i 2017.
I det nye seriesystemet skal ein sleppe å reise så langt på bortekampane i 4 divisjon. Med heile 24 avdelingar blir det kretsvise avdelingar i denne divisjonen.