TØFF SESONG I VENTE: Jobben til Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde vart brått eit par hakk tøffare, då forbundstinget laurdag vedtok å kutta fire lag frå dei to øvste divisjonane. Foto: Arkiv
TØFF SESONG I VENTE: Jobben til Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde vart brått eit par hakk tøffare, då forbundstinget laurdag vedtok å kutta fire lag frå dei to øvste divisjonane. Foto: Arkiv

Og vips vart jobben hans brått fleire hakk tøffare: – Me må berre jobba på

Kaupanger protesterte til inga nytte då forbundstinget laurdag vedtok å kutta fire lag frå dei to øvste divisjonane.

Kaupanger/Oslo: – Det blir heilt klart tøffare å vera med i toppfotballen, seier trenar Øystein Lindsteg Rinde for Kaupanger.

Forundstinget vedtok laurdag å kutta to lag frå begge dei øvste divisjonane i kvinnefotballen, frå 12 til 10 lag. I tillegg blir det innført sluttspel for å avgjera kven som rykker opp og ned. Tanken er å spissa konkurransen for at norsk kvinnefotball skal hevda seg betre internasjonalt.

Forslaget fekk 186 stemmer, berre 40 var mot. Kaupanger var i den siste kategorien.

– Når eit stort fleirtal ønskjer at det skal bli slik, så må me berre ta det til oss, seier Lindesteg Rinde.

Budde på kompromiss

Hadde regelendringa kome i fjor hadde det blitt nedrykk på grøntrøyene. Niandeplassen i førstedivisjon gjorde dei til den 21. beste klubben i landet, medan det no berre er plass til tjue i toppen.

– Me kan ikkje stressa av den grunn, me må berre jobba på. Det er fleire som sit i same båt som oss. Hadde me vunne den siste kampen i fjor, så hadde me kome på 6. plass, så det er små marginar, seier Lindesteg Rinde.

Til forbundstinget kom Kaupanger med ønskje om å halda på dagens ordning. Som eit kompromiss kunne dei gå med på å kutta to lag frå Toppserien, om 1. divisjon fekk vera i fred.

Leiar Stian Frøiland hos Kaupanger damelag prøvde først å få tinget med på ei utsetting, før han skuffa måtte sjå at det vart overveldande fleirtal for innstillinga:

Ambisjonane står ved lag

– Me veit ikkje, men me fryktar at denne endringa kan føra til at det blir produsert færre talent, sidan fire toppfotballmiljø vil forsvinna, seier han.

Han fryktar endringa óg kan føra til at tyngdepunktet i enno større grad blir konsentrert rundt dei store byane.

Sjølv om dei tapte då stemmene vart talde, er det ikkje ein resignert fotballeiar som reiser heim til Kaupanger.

For klubben har framleis klare ambisjonar om å vera i 1. divisjon, sjølv om nålauget har blitt langt mindre.

– For oss er det viktig at fylket er representert på toppnivå i kvinnefotballen, og me skal gjera vårt ytste for å greia det. Men då treng me støtte frå næringslivet, for det viser seg at dei som har økonomiske musklar i ryggen er dei som overlever over tid, seier han.

Til toppen