AVVISER AT NETTLEIGA KAN SJÅAST PÅ SOM EIN SKATT: Den daglege leiaren i Årdal Energi, Jørgen Luggenes, seier seg usamd med dei som i ein vidt kringkasta TV2-artikkel nyleg hevdar at nettleiga i bunn og grunn er ein ekstra skatt.
AVVISER AT NETTLEIGA KAN SJÅAST PÅ SOM EIN SKATT: Den daglege leiaren i Årdal Energi, Jørgen Luggenes, seier seg usamd med dei som i ein vidt kringkasta TV2-artikkel nyleg hevdar at nettleiga i bunn og grunn er ein ekstra skatt. (Foto: Truls Grane Sylvarnes.)

Energisjefen i Årdal avviser at nettleiga er ein «ekstra skatt»

I ein TV2-artikkel som har vorte flittig lesen kringom i landet den siste tida, vert det hevda at nettleiga er ein forkledd skatt. To el-verksrepresentantar i Indre Sogn er langt ifrå samde i det. 

Årdal: – Nettleiga me tek inn går i hovudsak til vedlikehald av nettet, og til investeringar i det, seier Jørgen Luggenes i Årdal Energi. 

Ein nettartikkel i TV2 har vore ei av toppsakene i media her til lands den siste tida. I den hevdar både ein familiefar frå Bærum og ein konsulent i eit analysebyrå i hovudstaden at nettleiga i praksis er ein skjult, ekstra kommunal skatt. Påstanden byggjer på at det ofte er kommunale el-føretak som krev inn nettleiga kringom i landet, og at dei hentar utbyte frå ho og pløyer dette inn i neste kommunebudsjett. 

Jørgen Luggenes i Årdal energi er på ingen måte samd i at nettleiga er ein ekstra skatt. Han meiner derimot det er naturleg at eigaren av nettet tek utbyte på drifta på slutten av året, anten der er snakk om ein privat eller kommunal aktør. 

– Tok Årdal kommune ut utbyte frå nettleigeinntektene ti Årdal Energi i fjor?

– I fjor tok Årdal Energi ut åtte millionar kroner i utbyte, samla sett, som gjekk til kommunen.

Kor stor del av dette overskotet som kom frå nettleiga og kor stor del som kom frå sal av kraft, torer ikkje Luggenes å seia på ståande fot. Porten.no ringde han om kvelden. 

– Om me var eit privat føretak, so ville me også teke utbyte. Alle gjer det, og det er ikkje noko unormalt i det, seier Luggenes. 

– Forståeleg at kommunepolitikarane ynskjer å ha eit utbyte 

Det er styret i Årdal Energi som kvart år bestemmer kor mykje utbyte som skal takast ut av overskottet, og kor mykje som skal brukast til investeringar på nettet. Leiaren og nestleiaren i Årdal Energi er samstundes ordføraren og varaordføraren i kommunen. 

– Kommunepolitikarane ynskjer å ta utbyte. Det er heilt forståeleg. Dei treng det til å betra velferdstilbodet i kommunen, der det er ein stram økonomi. Det er flott at dei kan henta utbyte, tykkjer no eg, seier Luggenes. 

Samstundes minner han om eigedomsskatten på verk og bruk som skal falla vekk, som kan gje Årdal kommune eit tap på 20 millionar kroner i inntekter.

– Kommunen lyt likevel prøva å løysa dei same oppgåvene som før. Inntektene frå Årdal Energi kjem vel med, seier energisjefen. 

Luggenes minner om at at det er Norges Vasskraft- og Energidirektorat som bestemmer kor mykje kvart einskilde e-verk har lov å ta i nettleige. 

– Me fylgjer dei rammene som me får frå NVE, og klarar oss med det. 

Styreleiaren i Lærdal Energi AS avviser òg at nettleiga er ein ekstra skatt

Lærdal Energi skil seg i vesen frå Årdal Energi. Sistnemnde er eit kommunalt føretak, medan fyrstnemnde er eit aksjeselskap, der litt over halvparten av aksjane er kommunalt eigde. 

INGEN SKATT: Lars Petter Nesse i Lærdal Energi skjønar ikkje kvifor ein skal kalla nettleiga for ein skatt. Han meiner at å få tilgang til straumnettet er ei alminneleg teneste ein betaler for, på lik line med ein bussbillett eller noko anna. Foto: Ina Eirin Eliassen

Styreleiaren for Lærdal Energi AS, Lars Petter Nesse, avviser kontant påstanden om nettleiga som skjult skatt.  

– Nettleiga er ikkje ein skatt. Som namnet seier, det er det du må betala for å vera på eit straumnett som kunde. Uansett kvar du er kunde her i verda, so må du betala. Det gjeld anten du skal ta bussen eller er kunde på eine eller andre viset.  

– Men vert ikkje det som ein skatt, når eit kommunalt føretak tek inn profitt på nettleiga, og pløyer han inn i kommuneøkonomien?

– Ein eigar tek ut utbyte dersom styret i føretaket ynskjer det. Det gjeld anten eigaren er kommunen, ein mann, ei kvinne, eller eit aksjesleskap, seier Nesse. 

Han legg til at det langt ifrå er gjeve at det vert overskott kvart år. I Lærdal Energi AS har det ikkje vore henta utbyte dei seinare åra.

Prisen som Lærdal Energi tek betalt for nettleiga, vert sett på bakgrunn av dei inntektsrammene som er lagde fram av Norges Vassdrags- og Energidirektorat. Det er same systemet som ligg til grunn for prissetjing av nettleiga anten det er eit aksjeselskap eller eit kommunalt føretak som driftar nettet. 

Avviser forfall og neglisjering

Ifølgje TV2-artikkelen tek kommunane ut milliardutbyte frå nettselskapa samstundes som straumnettet forfell. Dimed må folket betala endå meir nettleige seinare og soleis betala dobbelt opp for vedlikehaldet, vert det hevda vidare. 

Men i Årdal er ikkje stoda slik. Jørgen Luggenes seier at nettet i Årdal er i god stand. 

– Me har nokre gamle liner att, til dømes fram til Vetti. Den lina har ikkje vore prioritert sidan det ikkje lenger bur folk der. 

Like fullt er den nedlagte garden der tilkopla straumnettet. 

– Me driv kontinuerlege investeringar på nettet og so held me tritt med vedlikehaldet. Men me kan ikkje gjera alt på ein gong. Me gjer litt kvart år, seier Luggenes vidare. 

Heller ikkje i Lærdal er det snakk om at straumnettet forfell

I TV2-artikkelen vert det hevda at straumnettet i Noreg har vorte forsømt i årevis. 

«Nettleige forbrukarane har betalt inn, blir altså ikkje brukt til vedlikehald av straumnettet, men går til andre formål i kommunene» vert det hevda.

Men styreleiar Nesse i Lærdal seier det ikkje er noko som har vore «forsømt» hjå dei.

– Me har ikkje noko etterlslep. Me driv vedlikehald jamt og trutt og nettet vårt er i god stand. 

Styreleiaren legg til at dei rett nok kanskje står framfor store utbyggingar i framtida. 

– Me kan verta pålagde å styrka nettet vårt slik at nye kundar får plass, eller slik at me kan transportera meir straum på det. 

Til toppen