STREIKEN OVER: Den snart sju veker lange streiken blant over tusen medlemmer i EL og IT Forbundet er over etter at arbeidstakarane og arbeidsgivarane vart samde om ein ny avtale tysdag.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
STREIKEN OVER: Den snart sju veker lange streiken blant over tusen medlemmer i EL og IT Forbundet er over etter at arbeidstakarane og arbeidsgivarane vart samde om ein ny avtale tysdag.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Energistreiken er over

Den snart sju veker lange streiken blant over tusen medlemmer i EL og IT Forbundet er over etter at arbeidstakarane og arbeidsgivarane vart samde om ein ny avtale tysdag.

Årdal: Streiken har halde på sidan 22. september, då meklinga mellom EL og IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat og arbeidsgivarsida ved KS Bedrift braut saman. Etter fleire opptrappingar var over tusen tilsette i 73 selskap i streik då streiken vart avslutta tysdag.

Bedriftene som var ramma av streiken, hadde rundt 380.000 av dei om lag 2,5 millionar straumkundane i landet.

– God løysing

Konflikten dreidde seg først og fremst om avspaseringsordninga til beredskapsvaktene. Løysinga inneber at vaktene ikkje lengre er obligatoriske gjennom den sentrale tariffavtalen. Innhaldet i vaktene og kompensasjon må avtalast mellom partane i kvart enkelt selskap, dersom energimontørane skal ha plikt til å delta.

– Vi har komme fram til ei god løysing. No må kvart enkelt selskap finne ei ordning som gir trygg og sikker beredskap, og det er vi gjerne med på å avtale lokalt, seier Bjørn Fornes, EL og IT Forbundets forhandlingsleiar.

Forbundet ønskte å behalde dagens avspasering på ein time per femte time på vakt. KS Bedrift ønskte ei avspaseringsordning på ein time per sjuande time på vakt.

– Det var svært viktig for oss å stogge den svekkinga som KS Bedrift foreslo i den sentrale avtalen. At det vart gjort ved å gjere vaktene frivillig er heilt i tråd med dei vedtekne prioriteringar i forbundet, seier Fornes.

Uravstemming

Forhandlingsresultatet skal no ut på uravstemming blant EL og IT Forbundets medlemmer på energiavtalen med KS Bedrift.

Forhandlingsutvalet i KS Bedrift seier dei er tilfredse med at konflikten vart løyst gjennom dialog mellom partane.

– På vegner av straumkundane er vi fornøgde med at streiken er over og at arbeidet i bedriftene kan gjenopptakast så snart som praktisk mogleg, seier administrerande direktør Bjørg Ravlo Rydsaa i KS Bedrift. (©NPK)

Til toppen