KULTURARV: Rigmor Solem, Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim i ein gamal Sognabåt som truleg har hatt Slingsby som passasjer. No har Nasjonalparkfestivalen starta eit prosjekt for å setje i stand desse båtane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KULTURARV: Rigmor Solem, Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim i ein gamal Sognabåt som truleg har hatt Slingsby som passasjer. No har Nasjonalparkfestivalen starta eit prosjekt for å setje i stand desse båtane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Engasjementet andre stader er ikkje som i Årdal

Få stader kan skilte med fleire tradisjonsbåtar enn Årdal, trur Øyvind Hatlevoll ved Ornes Båtbyggeri.

Årdal: Under Nasjonalparkfestivalen i mai skal sognebåtane nok ein gong få ein sentral plass i programmet. I haust skreiv Porten.no at stiftinga jobba med å dokumentere alle båtane i området. No er det blitt eit prosjekt av dette.

– Me har dokumentert 17 båtar, der eit par var i elendig forfatning, medan nokre var i skikkeleg god stand. Målet er å få pussa opp desse, fortel Rigmor Solem, som er leiar i stiftinga.

Dei første åra var båtane ein av hovudattraksjonane til Nasjonalparkfestivalen. I år skal båtane igjen sjøsetjast i samband med eit opplegg på anlegget i Indre Ofredal.

Unikt for Årdal

Systematisk arbeid sidan i haust ligg bak, og stiftinga har vore i kontakt emd Ornes Båtbyggeri. Dagleg leiar, Øyvind Hatlevoll, har sett på alle båtane, vurdert tilstand og kome med ein rapport. Han trur tal båtar i Årdal og tilstanden på desse er heilt unikt.

– Det er det. Det er mange båtar i Vikadalen og Seimsdalen, og me var til og med i Øvre Årdal og såg på båtar. Desse er i god stand takka vere at dei som eig desse har tatt godt vare på dei, seier han.

At eigarane har levd medan båten har vore i bruk, har mykje av skulda for det, trur han. Andre stader har båten fort havna på bålet fordi dei nye eigarane ikkje har sett verdien i båten då dei til dømes tok over ein eigedom.

– Engasjementet andre stader er ikkje slik det er i Årdal, men det krev mykje arbeid og interesse for å klare dette, seier Hatlevoll.

– Viktig å ta vare på

Solem fortel at båteigarane i Årdal er svært positive til prosjektet. Også Hatlevoll meiner det er flott at ein vil ta vare på denne kulturarven.

Artikkelen held fram under biletet.

SOGNEBÅT: Sognebåt med Rigmor Solem, Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim ombord. Arkiv
SOGNEBÅT: Sognebåt med Rigmor Solem, Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim ombord. Arkiv

– Det er veldig viktig for ettertida, spesielt i Årdal der det står ein del gamle båtar som er tekne rimeleg bra vare på. Vikadalen har brukt båten i mange generasjonar, og her finn ein fleire båtar i god stand. 

Før vegane kom var båten naturlegvis det viktigaste samferdslemiddelet ein hadde. Båtane hadde ulike storleikar til ulik bruk, alt frå transport av dyr til beite eller når ein skulle til kyrkja. 

Kjenneteikn på båtane

Over heile Noreg finst det slike båtar, men alle har sine kjenneteikn for sitt område. Sognebåten var gjerne einaste båten utan forsterkning på øvste bordet, forklarar Hatlevoll.

– Dette var fordi dei skulle vera lette og smidige. Stevna var det første kjenneteiknet i korleis dei var utforma i kroning og høgde. Det finst ulike båtar oppover langs heile den norske kysten. 

Artikkelen held fram under biletet.

STEVN: Stevnet på båten kan avsløre kor i landet båten kjem frå. Her trekkjer Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim båten inn att i naustet. Arkiv
STEVN: Stevnet på båten kan avsløre kor i landet båten kjem frå. Her trekkjer Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim båten inn att i naustet. Arkiv

Vedlikehald og kursing

Neste steg for stiftinga no er å samle inn nok pengar til å få realisert prosjektet. Ein del av pengane skal også nyttast til kursing og vedlikehald.

– Det vil kosta ein del. Me føler me har lagt eit godt grunnlag for gode søknader, og desse er formulert ulikt ut frå kor me har søkt, seier Solem.

At kursing og vedlikehald er ein del av prosjektet, meiner Hatlevoll er viktig.

– Tidlegare hadde dei naust som dei alltid tok båten inn i. Dette var for at det skulle vera lite vedlikehald. For ein som har båt i dag, er det utenkjeleg å trekkja båten inn kvar gong, men den gongen gjorde dei det. Enkelte av båtane har no stått i 20-30 år og er heilt i orden fordi dei er korrekt lagra.

Til toppen