MØTE: Mange møtte opp på det opne møte om feminisme arrangert av partiet Raudt i Lærdal.
MØTE: Mange møtte opp på det opne møte om feminisme arrangert av partiet Raudt i Lærdal. (Foto: Privat)

– Seksuell trakassering skjer ikkje berre i Hollywood og på Stortinget, men òg mellom fjord og fjell

Partiet Raudt i Lærdal arrangerte eit opent møte om feminisme.

Lærdal: – Vi har hatt mange månadar med #Metoo og mange avsløringar. Dette var det rette tidspunktet å ha ein diskusjon om dette temaet, seier lokallagsleiar Bente Øien Hauge.

Forskjellige politiske parti

Totalt var det rundt tretti som møtte opp på møtet og folk kom frå forskjellige politiske parti.

– Vi ville skape debatt om feminisme uavhengig av kva parti ein er med på. Seksuell trakassering skjer ikkje berre i Hollywood og på Stortinget, men òg mellom fjord og fjell, seier Øien Hauge.

På møtet presenterte Gerd Inger Polden forsking og fakta kring valdtekt, Sofie Klemetzen frå Kvinnegruppa Ottar snakka om «Eit feministisk perspektiv på vald» og Wenche Voll, som stilte opp på kort varsel då Andrea Voll Voldum hadde sjukdomsforfall, fortalde om stiftinga Vi tror deg.

I pausen fortsatte diskusjonen som blei starta under møtet og fleire meinte at ein ikkje ser ut til å ha kome så mykje lenger sidan kvinnekampen frå 1970-talet.

Enkel måte å bli engasjert på

Mange var positive til møtet og meinte at dette burde bli gjort oftare.

– Det er ein enkel måte å få folk til å bli engasjert på. I tillegg er det overkomeleg å ha eit møte på to timar på ein laurdag.

– Viss vi skal ha eit liknande opplegg seinare blir det nok eit anna tema, seier Hauge.

 

Til toppen