ENGASJERTE: Totalt fire foreldre står bak initiativet. Frå venstre: Trond Eirik Jentoftsen, Jan Stian Smedegård og Juraj Chmelar. Den fjerde forelderen, Even Gundersen Vee, var ikkje tilstades då biletet vart tatt. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Engasjerte foreldre bak nytt prosjekt

Eit generasjonsskifte er på gang i Seimsdalen, og dei siste åra har talet på småbarnsfamiliar auka. No ser foreldre behovet for eit større aktivitetstilbod.

Foreldra Jan Stian Smedegård, Juraj Chmelar, Trond Eirik Jentoftsen og Even Gundersen Vee står bak prosjektet "Seimsdalen Nærmiljøanlegg" som skal legge til rette for eit større aktivitetstilbod for born og unge. 

– Me har eigentleg ingen målgruppe, seier Chmelar og syner til at aktivitetsområdet også kan nyttast av dei vaksne. 

Ideen vart til etter ein dugnadsperiode på leikeplassen i nabolaget førre året, og no tar dei steget for å vidareutvikle tilbodet i Seimsdalen.

Ballbinge

Hovudprosjektet dreier seg om å få på plass ein ballbinge på det ledige arealet ved sidan av ridesenteret. Dette skal finansierast delvis av tippemidlar, bidrag frå bedrifter samt private midlar. 

– I tillegg til tippemidlane, treng me 300 000 kroner for å kome i mål med det økonomiske, seier foreldra. 

Ballbingen dei ynskjer å få på plass, har belysning og eit underlag som er eigna for heilårsbruk. Det vil seie at på vinteren kan bingen potensielt verte ei skøytebane. Dei påpeikar også at det spesielle underlaget ikkje krever vedlikehald på 15 år, medan det tradisjonelle kunstgrasunderlaget må skiftast kvart femte år.

Artikkelen held fram under biletet.

UNDERLAG: Ballbingen i Borgund har same underlag som foreldra bak Seimsdalen Nærmiljøanlegg ynskjer til bingen i Seimsdalen.
UNDERLAG: Ballbingen i Borgund har same underlag som foreldra bak Seimsdalen Nærmiljøanlegg ynskjer til bingen i Seimsdalen.

Dei opplever kommunen som særs positive til prosjektet, og tykkjer det er positivt at kommunen set krav til prosjektet, samstundes som dei ynskjer innspel på korleis å gjere det på best mogleg måte.

Knapp gjennomføringsfrist

Foreldra har sett opp ein stram tidsplan for prosjektet, der målet er at ballbingen og området er klart til bruk i juni neste år, altså før sommarferien byrjar.

– Den avgjerande perioden vert nok i januar og februar, seier Chmelar og peikar på den økonomiske sida av prosjektet. 

På denne tida vil dei ha betre oversikt over kva type ballbinge dei kan investere i, og om dei når fristen dei har satt seg eller ikkje. 

Sjølv om ballbingen er hovudprosjektet, ynskjer dei også at området skal omfamne fleire aktivitetstilbod. Difor vil dei merke opp ei sjuar-bane, lik dei banene som vert nytta til knøttefotball. I tillegg håpar dei på sikt å få til enten ei sandvolleyballbane eller ein klatrevegg, samt ein sosial samlingsplass med benkar og grillplass.

SKISSE: Slik ser den totale ideen ut, men foreldra trur ikkje dei får ferdig alt før sommarferien 2016. Nederst i biletet er området til ridesenteret.
SKISSE: Slik ser den totale ideen ut, men foreldra trur ikkje dei får ferdig alt før sommarferien 2016. Nederst i biletet er området til ridesenteret.

Til toppen