KONTAKTAR: Om Årdal FK kjem i ei skikkeleg knipa der dei manglar spelarar, har dei gode moglegheiter for å henta inn fleire engelske spelarar. Foto: Arkiv. 
KONTAKTAR: Om Årdal FK kjem i ei skikkeleg knipa der dei manglar spelarar, har dei gode moglegheiter for å henta inn fleire engelske spelarar. Foto: Arkiv. 

Engelske spelarar syner stor interesse for Årdal FK

– Me er i kontakt med fleire spelarar som har ringt oss å spurd om det er moglegheitar her i Årdal, seier trenar Ivan Øy. 

Årdal: Fleire engelske fotballspelarar har fått augene opp for 3. divisjonslaget Årdal FK etter at klubben hyra inn britane Brett Fellows og Joey Sinton førre sesong. 

– Eg vil ikkje avvisa nokon, så eg seier at dei må venta litt, samstundes vil eg ikkje skvisa ut nokon av mine eigne, seier Øy.

Seinast førre veka ringte ein brite for å høyra om dei hadde behov for fleire spelarar. 

Les også: Brett Fellows spelar vårsesongen for Årdal FK

Gode kontaktar

Tidlegare Tottenham-spelar, Mark Falco, jobbar som spelarutviklar for Årdal FK. Det var årdølen Alf Roger Lereng som stifta bekjentskap med fotball-legenden gjennom den årlege Veteranturneringa. 

– Mark hjelper til slik at spelarane skal få litt andre stemmer å høyra etter. Så langt i år, har han vore innom to gonger. Han veit kva som krevst av spelarane, seier Øy. 

På dei britiske fotballakademia er det slikt at om ikkje spelarane får A-kort når dei når ein viss alder, må dei sjå seg etter andre klubba. Det var slik Årdal FK sikra seg Brett Fellows og Joey Stinton. 

Få spelarar

I fjor var fleire av dei faste årdalspelarane skada og laget reiste ofte på bortekampar med berre ein spelar på benken. 

– Det veit me er altfor lite. Då såg me oss nødt til å henta inn fleire spelarar og det var fleire som var villige til det. Dette er spelarar som Årdal FK ikkje har nokre utgifter med, ellers så kunne me ikkje gjort det, seier Øy. 

Porten har tidlegare skrive at den rike, britiske forretningsmannen Nigel Jones har bidrege med midlar til at dei to engelske fotballspelarane Brett Fellows og Joey Sinton har spelt for Årdal FK. 

Vil ikkje skvisa ut sine eigne

– Ein må tenke på det å henta inn spelarar kontra det å bruka dei me har frå før. Me vil ikkje skvisa for mange ut. Derfor har me berre henta inn Brett, Joey er oppteken med eit prosjekt i England, seier Øy. 

Fleire spelarar har den siste tida ringt for å høyra om den er ein ledig plass dei til på laget. 

– Utruleg nok er det stor interesse for å koma hit til Årdal. Om me får mange skadar denne sesongen og kjemme i ei skikkelig knipa, så har me moglegheit for å henta fleire engelske spelarar, seier Øy. 

Ifølge trenaren, er det Indre Sogn Bil som er primus motoren bak det heile og som er med på å støtta klubben. 

Til toppen