Foto: Stina Järperud
Foto: Stina Järperud

Engelskinspirert villstyring

Treng du inspirasjon før hagesesongen? Ta ein kikk på denne frodige sommardraumen.

  • Endret

Hjå Charlotte Anderson, som vi besøkte ein høgsommardag i 2014, har hagen store bed med mange forskjellige planter. Gjerne berre nokre få planter av kvar sort.

Artikkelen held fram under biletet

PAUSE: Her kan Charlotte slappe av på fine sommardagar.
PAUSE: Her kan Charlotte slappe av på fine sommardagar.

– Vi bur i eit ganske stort hus med stor hage. Eg innsåg raskt at vi ikkje kunne ha små blomsterbed – det ville sett uproporsjonalt ut. Då vi grov det første skikkelege bedet, sa mannen min: «Det vart veldig stort, det der. Kva skal du gjere no?» fortel ho.

– Eg svarte: «Ta det roleg, det blir ikkje stort i det heile tatt». Og no er det blant dei minste beda vi har, fortset hageeigaren.
Fargane går i mørk lilla, klar rosa og rein kvit. Det luktar roser og erteblomster i villahagen.

Bølgjande hage

Hageinteressa til Andersson blomstra opp da ho kjøpte seg drivhus og begynte å så frø. Eit første lite bed utanfor drivhusveggene vekte lysta på fleire. Ho ville at beda nærast skulle bølgje seg gjennom hagen, og arbeidet har teke fleire år.

– Det er omtrent ti år sidan eg fekk meg drivhus. Dei fleste beda har eg nok laga dei siste fem åra. Eg har ingen overordna plan, men følgjer lysta. Det trur eg dei fleste hageelskarar gjer, fortel ho.

Blomsterbeda er innramma av rustne metallplater. I skuggen av eit stort frukttre står det hosta og lungeurt. Solstrålane kjærteiknar skabiosa og syrinhortensia, og i det blomstrande pergolalysthuset på plenen leikar roser med klematis og solhatt.

– Eg ville gjerne ha ein bra plass for roser, så det fekk bli midt på grasplenen. Eg synest det skal vere høgt og vilt, og det må gjerne ta mykje plass.

Artikkelen held fram under biletet

PROSJEKT: Hagen har blitt til gjennom mange år men framleis er han i endring.
PROSJEKT: Hagen har blitt til gjennom mange år men framleis er han i endring.

Inspirasjonen hentar Andersson først og fremst i England.

– Hagen min kan ikkje måle seg med dei engelsk hagane. Min er romantisk og litt uregjerleg. Men samtidig har eg ein stram hekk og ei rund edelgran, seier ho.

Ikkje blått

I eit bed i nærleiken av rosehagen vil Andersson plante fleire roser – og brudeslør.

– Eg synest at hagen har ein raud tråd. Eg er litt vanskeleg når det gjeld fargar, og har for eksempel ikkje noko blått. Det er ikkje slik at eg ikkje likar fargen, eg vil berre ikkje ha han i min hage, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

GRUNDIG: Andersson slurvar aldri med grunnarbeidet når ho lagar eit nytt bed.
GRUNDIG: Andersson slurvar aldri med grunnarbeidet når ho lagar eit nytt bed.

Favorittfargane er mørk raud, lilla og cerise – dei kraftige fargane. Men også kvitt, krem og litt gult. Hageeigaren forklarar at ho tek inn andre fargar ved å bruke krukker i kjøkkenhagen.

– Oransje og tomatraud er favorittfargar som eg kanskje brukar mindre av i beda enn andre stadar.

Andersson likar planter med ein tydeleg og robust form, slik som georginar og store, gammaldagse staselege blomar.

Tujahekk

Kjøkkenhagen blir ramma inn av ein tujahekk, noko hageentusiasten er nøgd med.

– Tuja er kanskje ikkje folks førsteval, men her er han grøn og fin året rundt, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

 STARTEN: For Andersson begynte hageinteressa å blomstre då ho fekk drivhus for omtrent ti år sidan.
 STARTEN: For Andersson begynte hageinteressa å blomstre då ho fekk drivhus for omtrent ti år sidan.

– Eg skulle gjerne hatt meir plass til grønsaker, men blomane går føre. Dei er viktigare for meg. Men det går jo faktisk an å dyrke grønsaker i blomsterbeda. Ofte dytter eg ned nokre nyttevekstar blant blomane, fortset ho.

Hagen til Charlotte Andersson kjem alltid til å vere i endring. Ho har mange draumar for uteplassen, fortel ho:

– Eg synest rododendron er veldig vakkert, og eg elskar parkkjensla. Ein del folk verdset ikkje planta særleg høgt, men sjølv ser eg fram til å skaffe meg ein rododendronskog.

SOLHATT: Den dekorative solhatten har fått plass i hagen.
SOLHATT: Den dekorative solhatten har fått plass i hagen.

(©NPK)

Til toppen