Engelskmann klar for Årdal

Engelskmann klar for Årdal

Joe Sinton (20) trente med laget for første gong onsdag ettermiddag.

Årdal stadfestar på sine heimesider onsdag ettermiddag at engelske Joe Sinton er klar for klubben. 20-åringen har tid i QPR og Derby bak seg samt eit opphald i Spania. 

Engelskmannen skal etter planen spela for Årdal ut vårsesongen etter som sesongen er over for han i England.

– Eg håpar eg kan bruka opphaldet i Noreg til å halde meg i form og få litt kamptrening, seier han til klubbens heimeside.

– Eg ante jo ikkje kva eg skulle venta meg. Eg har ikkje vore i Noreg før, men det ser fantastisk flott ut. No har eg møtt trenarane, og eg kjenner Alfie (Alf Roger Lereng), som eg bur hjå og har fått helst på ein del av gutta i troppen. Eg har fått ein fin velkomst. Det lovar bra, eg har fått eit veldig godt førsteintrykk.

Sinton hadde kontrakt med QPR fram til nyttår og har sidan spelt for Rushall Olympic nede i divisjonane. Det er defensivt på midtbana 20-åringen har sine kvalitetar, og Øy seier han er nøgd med det nye ansiktet ut frå det vesle han fekk set på dagens økt.

– Me er sikre på at Joe har noko å tilføra oss. Me trur det gir troppen eit friskt pust å få inn ein spelar med ein slik bakgrunn. Sjølv om Årdal FK sin filosofi er å satsa mest mogleg på lokale spelarar og på den måten byggja ein sterk lokal profil,  er det også kjekt å knytta til oss litt nye folk, seier han.

Det er framleis usikkert om engelskmannen bli klar til kampen mot Sogndal 2 komande måndag, men klubben skriv at dei håpar å få dette i orden innan den tid.

Til toppen