Englar i Farnes kyrkje

Englar i Farnes kyrkje

Tida og verda stod stille for dei som var så heldige å få høyra på Sølvguttene i Farnes kyrkje i ettermiddag. Sølvstrupene sin vakre englesong tok dei frammøtte med på ei åndeleg reise,  som enda med ståande ovasjonar, trampeklapp og jubelrop.

Dette kan høyres ut som ein klisjè, men om du hadde høve til å komma i Farnes kykje i dag, men let det vera, kan du angra. For dette var spesielt. Svært spesielt. For Sølvguttene er noko dei fleste plar nyta fra sofakroken medan dei syng høgtidsamt i TV`en din. No såg og høyrde me dei ansikt mot ansikt.

Opplevelsen i kyrkja i dag er vanskeleg å forklara med skriftlege ord.

 

Nøyaktig presisjon

Med nøyaktig presisjon frå første steg og felles innøvd bukk, inntok Sølvguttene Farnes kyrkje. Og løfta og reiv i kjenslene til dei rundt 200 som sat måpande og beundrande i kyrkjeskipet.  

Det var umogleg å lausriva seg frå englesongen, som sjølvsagt stiltfullt vart geleida av vaksne diskret og profesjonelt i bakgrunnen.

 

Jørn Simen Øverli song og snakka om Alf Prøysen

Profesjonelt ut til fingertuppane

Og lat oss for all del ikkje gløyma musikar Jørn Simen Øverli, som spelte i lag med Sølvguttene, i tillegg til sine eigne innslag om Alf Prøysen. Ei lita stjerne fekk også vår lokale organist Bert Brons som steppa inn i eit innslag på svært kort varsel, og gjorde jobben nett som om han var ein naturleg del av følgjet.

Artig for opplevelsen var det også at Årdal Drama- og vokalverkstad, fekk vera med på ein liten del av konserten. Først tre låtar åleine, for til slutt å få lov å stå i midten av heile koret i avslutningsnummeret "Fred over jorden" - då reiste nok nakkehåra og gåsehuda seg på dei aller fleste i salen.

 

Godt nøgde med turnèen 

- Dette var moro. Eg kjende at publikum var med heile vegen, og kyrkja er rett og slett fin. Eg likar meg her, seier musikar Jørn Simon Øverli til porten.no etter konserten. Han er generelt godt nøgd med turnèen dei har hatt i Sogn og Fjordane denne veka.

Godt nøgd er også ein av Sølvguttene, 13 år gamle Eirik Løyte Harboe.

- Me reiste frå Oslo forrige laurdag, og har reist med buss rundt i fylket i åtte dagar. Og fått overnatta på hotell i ulike kommunar. Dette har vore moro, og faktisk ganske interessant å bli kjend med, og ikkje minst sjå Noreg , Sogn og Fjordane og Mørekysten på ein heilt ny måte, smiler han blygt.

- Og kva med sjølve korsynginga? 

- Det er også kjempemoro, og eg kjem til å synga i dette koret heilt til stemma sprekk, sjølv om det er litt varmt av og til å stå på podiet så lenge i ro, ler han, før han hastar avgarde til bussen som skal frakta gutane trygt heim til Oslo og omegn. Dei skal rekka skulen i morgo. Og litt heimlengsel er det lov å ha no, sjølv for sølvgutar.

Eirik Løyte Harboe, ein av Sølvguttene

Eirik kjem til å synga for Sølvguttene heilt til stemma sprekk.

Sjå fleire foto her:

 

Sølvguttene i Farnes kyrkje

Lydige gutar ventar på å gå inn før konserten.

 

Den vaksne delen av Sølvguttene

Dei "vaksne" songarane som heldt seg profesjonelt og diskrèt i bakgrunn, laga ei særeiga og kultivert ramme rundt det heile. 

 

Sølvguttene og Jørn Simen Øverli skapte magi i Farnes kyrkje

90 minuttar der ein stengde verda og bekymringar ute.

 

Sølvguttene  Farnes kyrkje

Ei herleg blanding av kontrabass, gitar, orgel og englesong 

 

FDV i Farnes kyrkje, tre innslag mellom Sølvguttene

Årdal Drama- og vokalverkstad fekk ha tre innslag, i tillegg til å vera med på siste allsongen. - Tusen tusen takk for at me fekk vera med, eg har greidd å samla sju stykkjer ved hjelp av Facebook no i sommarferien, lo ho.

 

Årdal Drama- og vokalverkstad saman med Sølvguttene

Sju årøler frå den lokale VDV i midten fekk vera med på sluttnummeret ""Fred over jorden".  

Dirigent Sølvguttene

Stilfull, dyktig, streng og morsom dirigent som i tillegg infomerte publikum på ein fengande måte.

 

Publikum let seg begeistra av Sølvguttene i Farnes kyrkje

Publikum lot seg rive med, og det vart høglydd klapping fleire gonger.

 

Ståande ovasjonar i Farnes kyrkje då Sølvguttene sin konsert var slutt

Ståande ovasjonar, trampeklapp og jubelrop frå eit entusiastisk publikum heile vegen.

Til toppen