FARLEG: Skulevegen er farleg for barna, meiner mange foreldre og køyrer barna til skulen. Dermed blir skulevegen endå farlegare, åtvarar NAF. Arkivfoto.
FARLEG: Skulevegen er farleg for barna, meiner mange foreldre og køyrer barna til skulen. Dermed blir skulevegen endå farlegare, åtvarar NAF. Arkivfoto.

Engstelege foreldre lagar meir trafikkaos

Skulevegen er farleg for barna, meiner mange foreldre og køyrer barna til skulen. Dermed blir skulevegen endå farlegare, åtvarar NAF.

Indre Sogn: Kvar tredje forelder med barn i skulealder meiner at trafikktryggleiken på skulevegen er eit problem, ifølgje NAFs trafikantbarometer for 2015.

– Fordi mange foreldre oppfattar skulevegen som utrygg, vel dei å køyre barna sine. Men det er inga god løysing, seier Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i organisasjonen.

Ho meiner det er eit paradoks at foreldre vel denne løysinga.

– Det gjer forholda langs vegen endå farlegare. Vi vaksne må hugse på at barn har skarpt syn, men dei kan ikkje fysisk vurdere fart eller avstand på køyrande, seier ho.

Sagedal ber vaksne om å alliere seg med andre foreldre i nabolaget. Då kan ein sykle eller gå saman med dei, eller i alle fall køyre fleire saman i kvar bil.

– Er du nøydd til å køyre, parker nokre hundre meter unna det mest trafikkerte området, og gå saman med barnet resten av vegen, seier Sagedal.

Forsikringsselskapet If har utvikla ein GPS der folk kan melde frå om trafikkfarlege skolevegar. Sidan skulestart i fjor er det gjort fleire enn 9.000 markeringar i kartet til appen Slow Down GPS ved skular og på skulevegar over heile landet. (©NPK)

Til toppen