Årdal: Dei to selskapa opplyser i ei pressemelding at dei 6. februar i år inngjekk eit historisk samarbeid som medfører ei forsert utbygging av fiber i Årdalsnett sitt området.
Ifølgje administrerande direktør i Enivest har dei lenge hatt ein strategi om vekst og utvikling i fylket. Difor er det glad for at dei to selskapa no skal spele på lag i endå større grad framover.
– Eg er imponert over det arbeidet som Odd og resten av organisasjon i Årdal, inkludert samarbeidspartnararar, har fått til. Ikkje minst er eg imponert over viljen til å vidareutvikle dette framover, seier Nandor Helgheim i Enivest.
– Eg håper og trur Enivest med sin kompetanse og erfaring kan bidra til å vidareutvikle tilbodet i regionen.
– Styrkar marknadsposisjonen
Årdalsnett vart stifta i 2001 og har sidan då vore ein sentral aktør for å dekkje behova for både innbyggjarar, næringsliv og det offentlege innanfor IKT.
– Årdalsnett har ein solid posisjon i sine område og har utvikla infrastruktur og tenester som er godt mottekne. For å auka tilbodet til kundane og styrke marknadsposisjonen, er det no innleia eit tettare samarbeid med Enivest, seier Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett.
Heilt sidan 2004 har Enivest og Årdalsnett jobba saman på til dømes leveransar dei ikkje kunne klare åleine. Gjennom sin sterke posisjon i fylket, har Enivest vore drahjelp for Årdalsnett og andre aktørar, og sørga for at kommunar og fylkeskommunen har fått gode og sikre kommunikasjonsløysingar.
Sikrar gode kommunikasjonstenester i framtida
Større bedrifter og landsdekkande kjeder henvender seg gjerne til Enivest når dei skal kjøpe datasamband i Sogn og Fjordane. Enivest har invitert med seg Årdalsnett og andre lokale aktørar til å delta i slike leveransar.
– Me har observert Enivest over lengre tid som mogleg partnar for Årdalsnett. Me vurderer Enivest som det beste alternativet for å utvikle Årdalsnett vidare. Enivest har hovudkontor i fylket og stor forståing for dei utfordringane distriktskommunar har når det gjeld breiband og stabile og sikre kommunikasjonsløysingar for næringslivet i distrikta, seier styreleiar i Årdalsnett, Terje Laberg.
– Å få inn Enivest som ein strategisk eigar i Årdalsnett vil opne opp for felles satsingar mellom selskapa som vil sikre innbyggarane og næringslivet i fylket gode kommunikasjonstenester i framtida. Det tillitsfulle samarbeidet som har vore mellom selskapa i mange år, vil vere eit godt fundament for ei offensiv satsing dei komande åra, legg han til.