DUELL: Johan Hove med ei heading mot mål. Foto: Youri van der Werve.
DUELL: Johan Hove med ei heading mot mål. Foto: Youri van der Werve.

Enkel siger i årets første kamp

Sogndal spelte sin første kamp for sesongen søndag. 

Sogndal spelte sin første kamp for sesongen søndag. Dei møtte Førde på heimebane. 

Sogndal starta offensivt, og etter ca. 15 minutt var heimelaget i leiinga. Ikkje lenge etter auka Sveen til 2-0. Førde prøvde å stå i mot angrepa til Sogndal, men i det 40. minutt sørgde Birkelund for at Sogndølene fekk ei 3-0 leiing før pause.

BOM: Fredrik flo med eit skot på mål, men denne gangen treff han ikkje.
BOM: Fredrik flo med eit skot på mål, men denne gangen treff han ikkje.

Kampen fortsette etter pausen slik som han gjorde i første omgang. Sogndal hadde fleire gode sjansar og i det femtiande minutt sette Flo straffesparket enkelt i målet til Førde. I andre omgang klarte Førde å komme nærmare målet til Sogndal, men det nærmaste dei kom var eit skot på tverrliggaren. Debutanten Schulze skåra dagens siste mål med ein fin volley.

Sluttresultat: Sogndal 5-0 Førde. 

– Fornøgd med det laget eg har

Eirik Bakke var glad for å vere tilbake på bana og spele kamp med laget.

– Det viktigaste i dag var ikkje resultatet, men at 22 spelarar fekk spela i 45 minutt kvar. Det var mykje bra og vi gjorde det som var forventa, seier Eirik Bakke.

Etter serieslutt har Sogndal signert tre nye spelarar.

– Eg er fornøgd med det laget eg har, men vi er alltid på utkikk etter forsterkningar som kan gjere laget betre, svarer Eirik Bakke når han får spørsmålet om det blir fleire forsterkningar.

– Målet er å få spele mest mulig kampar

Eirik Schulze, ein av dei nye spelarane til Sogndal, debuterte ikkje berre for Sogndal, men klarte også å skåre eit mål.

DEBUTANT: Eirik Schulze skåra i sin første kamp for Sogndal.
DEBUTANT: Eirik Schulze skåra i sin første kamp for Sogndal.

– Eg synes det gjekk veldig bra. Me fekk til fleire gode kombinasjonar, og det at eg skåra eit mål er berre eit pluss.

Eirik Schulze har i år tatt steget opp i frå 1. divisjon til Eliteserien.

– Målet er å gjere det bra og å hjelpe laget. Eg har gjort det bra i 1. divisjon og føler at eg er klar for å gå opp eit nivå, forklarar Schulze.

–No er målet å komme i form og å få spele mest mulig kampar.

Til toppen