TAPT FØRARKORT: Ei ny netteneste hos Statens vegvesen gjer det enklare å melda tapt førarkort og unngå gebyr.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).
TAPT FØRARKORT: Ei ny netteneste hos Statens vegvesen gjer det enklare å melda tapt førarkort og unngå gebyr.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Illustrasjon).

Enklare å melda tapt førarkort

Ei ny netteneste hos Statens vegvesen gjer det enklare å melda tapt førarkort og unngå gebyr.

Vegvesenet får kvart år rundt 60.000 meldingar om tapte førarkort. Tidlegare har folk vore nøydde til å møta opp på trafikkstasjonen eller hos politiet for å melda frå. No kan dette altså ordnast på enklare måte.

– No kan du enkelt melda førarkortet tapt på vegvesen.no og sleppa 500 kroner i gebyr om du blir stoppa, seier Bujar Llukai i Statens vegvesen. 

Yrkessjåførar kan også bruka tenesta til å melda frå om tapt kompetansebevis, heiter det.

Sjåførar som melder frå om tapt førarkort på vegvesen.no får eit mellombels køyreløyve som dei kan printa ut og bruka saman med legitimasjon. Løyvet gjeld i opptil tre månader og kan brukast i Noreg, Sverige, Danmark og Finland.(©NPK)

Til toppen