SMITTE: Fire personar i Sogndal kommune er no stadfesta smitta av koronaviruset.
SMITTE: Fire personar i Sogndal kommune er no stadfesta smitta av koronaviruset. (Foto: Arkiv)

Endå eit nytt koronatilfelle i Sogndal, fjerde siste veka

Personen skal ha blitt smitta etter ein utenlandstur.

Sogndal: Ein ny person vart onsdag bekrefta smitta av koronaviruset i Sogndal. Dette er det fjerde tilfelle den siste veka.

Ifølgje kommunen sine sider er det ein person som har vore i utlandet som har fått stadfesta positiv prøve. Av dei fire påviste siste veka er dette den tredje som har fått påvist smitte etter innreise frå utlandet.

– Det er viktig at folk tek prøva når dei kjem frå utlandet, seier kommuneoverlege Leiv Erik Husabø til Firda.

Ingen av tilfella ser ut til å ha samanheng med kvarandre. Vedkommande skal no vere i isolasjon og kommunen driv smittesporing for å finne ut kven som må i karantene og testast. 

Til toppen