Nordfjella: Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om at det for femte gong er påvist skrantesjuke (Chronic Wasting Disease (CWD)) i Noreg.
Funnet denne gongen blei gjort på ei reinssimle i i Hol i Buskerud. Det nye tilfellet er også i Nordfjella villreinområde sone 1, altså er dette det tredje tilfellet i den same stamma. Dei to tidlegare tilfella av CWD i Nordfjellaeller skrantesjuke har vore på dyr skote eller avliva i Lærdal.
Les også: Nytt tilfelle av CWD i Nordfjella
Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet
Sjukdommen er dødeleg for hjortedyr, men har aldri smitta til mennesker, verken frå dyr eller kjøt.
Ingen nye tilfeller på elg eller hjort
– Me vurderer det framleis slik at det er svært liten risiko for at sjukdommen skal smitta til mennesker, men for å vera på den sikre sida godkjenner me ikkje at kjøt frå dyr som testar positivt skal etast. Råda Mattilsynet har fått frå Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet gjer at me inntek ei aktiv føre-var haldning knytt til kjøt frå dyr som testar positivt, seier Solfrid Åmdal, seniorrådgiver seksjon dyrehelse, på Mattilsynet sine nettsider.
Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring
Les også: – Liten risiko for at menneske blir smitta av hjortesjukdom
Per 20.september - siste dagen av reinsjakta i dei fleste villreinområde - føreligg det testresultat på totalt 560 villrein, derav tre har testa positivt, alle i Nordfjella. 257 villrein er testa i Nordfjella totalt, 246 som vart drepne av lyn på Hardangervidda og 57 på Forollhogna.
Det er også CWD-testa totalt 968 elg og hjort i landet per 20.september - dei to elgane som testa positivt i mai i Selbu er dei einaste av desse med positive utslag. I Sogn og Fjordane er det totalt testa 315 elg og hjort, derav 35 i Lærdal, 9 i Årdal, ein i Sogndal og 15 i Aurland. Alle desse testane er altså negative.