Enno uvisst kor Vinmonopolet skal vera

Enno uvisst kor Vinmonopolet skal vera

A/S Vinmonopolet har enno ikkje bestemt seg for kvar Vinmonopolet Årdal skal ha lokala sine i framtida.

Det er går mange rykter om at A/S Vinmonopolet har bestemt seg for kva lokale dei vil flytta til i Øvre Årdal. 

- Eg vil avkrefta desse rykta me det same. Absolutt ingenting er bestemt enno, smiler butikksjef Mildrid Kvamsdal i Vinmonopolet Årdal til Porten.no 

Vil flytta til eit mindre lokale

Det var i haust at A/S Vinmonopolet gjekk ut med ei annonse der dei søkte om eit sentrumsnært ledig lokale i Øvre Årdal.  Årsaka til at dei ønskte å flytte, var at lokalet dei har i Storevegen i dag, er for stort i høve til kva dei meiner det er trong for. 

A/S Vinmonopolet gjekk då ut med at dei framleis ville ha butikken i eit sentrumsnært lokale i Øvre Årdal med lette parkeringstilhøve, men at lokalet ikkje skulle vera større enn 140 kvadratmeter.

Synfaring i oktober

- Det kjem folk frå A/S Vinmonopolet til Årdal i løpet av oktober på ei synfaring for å sjå på ulike lokale. Det er nemleg fleire eigedomsaktørarar i bygda som har kome med tilbod om at A/S Vinmonopolet kan leige hjå dei, seier Kvamsdal, og understrekar at dei ikkje er komne lenger i prossesen.

Enn så lenge, held Vinmonopolet i Øvre Årdal ope som før i lokalet dei har no i Storevegen midt i sentrum.

IKKJE BESTEMT SEG: Det er enno uvisst kvar og når A/S Vinmonopolet vil flytta Vinmonopolet Årdal. Enn så lenge, held Vinmonopolet fram som før i Storevegen i sentrum i Øvre Årdal.
IKKJE BESTEMT SEG: Det er enno uvisst kvar og når A/S Vinmonopolet vil flytta Vinmonopolet Årdal. Enn så lenge, held Vinmonopolet fram som før i Storevegen i sentrum i Øvre Årdal.

 

 

Til toppen