SØKJARVEKST: Wenche Eldegard og Egil Fredriksen (midten) og dei andre fabrikksjefane til Hydro i Noreg opplever sterk søkjarvekst til sommarjobbar og lærlingstillingar. Foto: Halvor Molland/Hydro.
SØKJARVEKST: Wenche Eldegard og Egil Fredriksen (midten) og dei andre fabrikksjefane til Hydro i Noreg opplever sterk søkjarvekst til sommarjobbar og lærlingstillingar. Foto: Halvor Molland/Hydro.

Enorm oppslutnad om Hydro-jobbar

Aluminiumselskapet Hydro har aldri motteke så mange jobbsøknader frå unge og nyutdanna som i år. 

Årdal: Den trenden gjeld også for fabrikkane i Sogn. Aluminiumsselskapet i både Høyanger og Årdal har i år fått langt fleire søkjarar til jobbane som er utlyst enn då dei søkte etter ferievikarar og lærlingar i fjor, kjem det fram av ei pressemelding.

I Årdal vart det lyst ut 20 lærlingstillingar. Heile 154 søknader kom det inn på desse stillingane. Det er ein auke på over 40 prosent frå 2015.

Avtroppande fabrikksjef i Årdal, Egil Fredriksen, trur industrien er meir «in» blant unge no enn for berre nokre år sidan.

– Ungdommen byrjar for alvor å få augo opp for at fastlandsindustrien er spennande og framtidsretta. Me har også fått tilbakemelding på at mange synest det er tøft at me no satsar meir mot bilindustrien, seier han. 

Positiv trend

Både i Årdal og Høyanger jobbar ein no med installere ny støypeteknologi som er skreddarsydd for å produsera aluminium til moderne bilar.

Også i Høyanger, der Wenche Eldegard frå Årdal er fabrikksjef, var søkjartala gode. Ho fortel at dei fekk inn omtrent tre søknader per utlyste stilling til ferievikarstillingane og nesten dobbelt så mange søknader til lærlingplassane samanlikna med året før. 

Slik er også  trenden for resten av fabrikkane i Noreg. Totalt mottok norske aluminiumsverk i selskapet omtrent 45 prosent fleire søknader til sommarjobb i år enn i fjor.

Betre rykte

Til selskapet sitt program for nyutdanna frå universitet og høgskule auka søkjartala med 31 prosent, noko som betyr at det var heile 120 søknader per stilling. 

– Ved å jobba i Hydro får våre tilsette eit breitt spekter av moglegheiter til framtidig utvikling i eit globalt selskap. Det trur eg mange verdset høgt når dei vel arbeidsgivar, seier Eldegard, som trur ryktet til fastlandsindustrien har betra seg med åra. 

Til toppen