NØGD: Trenar Olafur Sveinsson var nøgd med innsatsen til handballjentene. Arkivfoto
NØGD: Trenar Olafur Sveinsson var nøgd med innsatsen til handballjentene. Arkivfoto

- Enormt spel av keeperen i dag

Lørdag var handballjentene til Jotun/ÅTIL i Bergen. Dei spelte kamp mot topplaget Åsane. 

Årdal: Det vart tap mot topplaget, men eit resultat på 36-22 er likevel positivt å ta med seg. 

Olafur Sveinsson fortel at det var ein litt treig start, men dei kom seg utover kampen. Til pause låg dei 10 mål bak. 

- Dette var ein mykje betre kamp enn forrige gong, seier trenar Sveinsson. Han legg til at keeper Ann Iren Hunderi hadde ein enorm første omgang. 

Sveinsson og laget sit att med ei god kjensle etter denne kampen, sjølv om det vart tap. 

- Det er eit ungt lag og denne kjensla skal me ta med oss vidare på trening når me skal utvikle oss meir, fortel han. 

- Me skal jobbe meir med angrepsspelet vårt. Dette er eit lag i utvikling, og ting tek tid, seier han. 

Sveinsson avsluttar med at han er særs nøgd med innsatsen til jentene i dag. Dette var ein kjempe kamp. 

Til toppen