LADEPUNKT: Kommunar som manglar hurtigladarar for elbilar, kan frå i haust få støtte frå Enova til å byggje ut ladestasjonar.​ Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.
LADEPUNKT: Kommunar som manglar hurtigladarar for elbilar, kan frå i haust få støtte frå Enova til å byggje ut ladestasjonar.​ Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen. (Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.)

Enova pungar ut for hurtiglading i distrikta

Kommunar som manglar hurtigladarar for elbilar, kan frå i haust få støtte frå Enova til å byggje ut ladestasjonar.

Distriktskommunar som i dag har maks éin hurtigladar kan nyte godt av støtteordninga, opplyser marknadsdirektør Audhild Kvam.

– Dette blir eit startskot for dei mange stadene der elbilsatsinga enno ikkje har komme i gang. Ordninga er relevant for aktørar i nesten 300 kommunar, og vi håpar å sparke i gang marknaden i flest mogleg av desse, seier Kvam.

Enova skal dekke 40 prosent av investeringskostnadene, med ei øvre grense på 200.000 kroner per hurtigladar.

– Mange stader i distriktet er det så få elbilar at hurtigladestasjonar vil vere ulønnsame enno ei god stund framover. Ved å tilby støtte til bygging av hurtigladarar i desse kommunane, ønskjer vi å gjere elbilar til eit reelt alternativ for endå fleire, endå raskare, seier Kvam.

Det vil kunne innvilgast støtte til inntil to hurtigladarar i kvar kommune. Søknadene blir behandla etter først-til-mølla-prinsippet.

– Vi vil evaluere støttetilbodet årleg og kan ikkje seie noko om kor lenge tilbodet vil gjelde. For å setje fart i utviklinga er det eit poeng å få potensielle aktørar i gang så raskt som mogleg, og for dei er det uansett ein fordel å vere tidleg ute lokalt i sin kommune, seier Kvam.

Dei siste to åra har Enova støtta bygging av 230 hurtigladarar langs hovudfartsårer landet rundt. Dette har bidratt til samanhengande dekning i transportkorridorane, og det nye tilbodet skal supplere denne utbygginga.

(©NPK)

Til toppen