Høyanger/Lavik: – Klagene som har komme inn frå Gamlevegens venner og naboar har hindra framdrifta i prosjektet vårt. Blant anna fekk me på grunn av det ikkje levert massar til utbygginga av Lavik ferjekai. Det har gjort at utbyggingsfasen har teke lengre tid enn me hadde håpa, sa entreprenør Martin Bjørkhaug frå Bjørkhaug Maskin AS.

Entreprenør forklarte seg for planutvalet: – Vanskeleg å forholde seg til tidsfrist
Bjørkhaug Maskin AS forklarte til politikarane i Høyanger at naboklager har vore eit hindre for at verksemda har klart å få industritomta Kvammen indre i Lavik ferdigstilt. Einar Rysjedal (R) meiner området ikkje er akseptabelt slik det er no.