REVY: I Lærdal fekk 530 menneske med seg årets påskerevy "Sutalaust" då Lærdalskompaniet sette opp fire førestillingar før påske. Onsdag flyttar dei seg til Årdal for å prøva å få årdølene til å dra på smilebandet. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
REVY: I Lærdal fekk 530 menneske med seg årets påskerevy "Sutalaust" då Lærdalskompaniet sette opp fire førestillingar før påske. Onsdag flyttar dei seg til Årdal for å prøva å få årdølene til å dra på smilebandet. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Er årdølene klare for ein sutalaus kveld?

Onsdag tek Lærdalskompaniet turen over fjellet for å underhalda årdølene. 

Årdal: Kva Doria-bygget i Årdal skal og kan brukast til har lenge vore ein heit debatt i kommunen. No har fire sutalause karar frå Lærdal endeleg funne svaret på denne nøtta.

Les også: Reiste utanlands for å mekka revy

Om du ønskjer å høyre dei fantasifulle forslaga for Dora-bygget, er det berre å sikre seg billett til framsyninga av revyen "Sutalaust" i Årdal Kulturhus onsdag kveld. 

Teiknar nye grenser

Under årets revy møtest blant anna dei fire ordførarane frå Årdal, Lærdal, Aurland og Sogndal for å diskutera dei nye kommunegrensene. 

Det kjem besøk frå sjølvaste Nord-Korea, der leiaren i landet, Kim Jong-un, kjem med nyttige råd for korleis ein skal forhalda seg til kommunesamanslåinga medan han får ein guida tur i dei to kommunane. 

I kjend regi arrangerar Steinar Kvigne, Ragnar Sanden, Magne Grøttebø og Kristen Olav Grøttebø årets revy også i Årdal. Dei har også fått med seg musikarane Tom Karlsrud og Gudmund Bolstad Skjær. 

Billettar til revyen får ein kjøpt både på Veekiosken og Tangen Sportbutikk. Det kan også bli sal av billettar i døra. 

Til toppen