STEMNING: Fredag spelar Duncan Reid and the Big Heads konsert på Bakriet i Årdal. Foto: Privat. 
STEMNING: Fredag spelar Duncan Reid and the Big Heads konsert på Bakriet i Årdal. Foto: Privat. 

Er Bakeriet i Øvre verkeleg eit bakeri?

Den britiske musikaren Duncan Reid lovar eit energisk show med mykje svinging og dansing på fredag. 

Årdal: Kommande fredag skal britiske Duncan Reid And The Big Heads rocka laust på scena på Bakeriet i Øvre Årdal. 

– Er Bakeriet i Øvre verkeleg eit bakeri? Spør Duncan Reid når Porten.no ringer. 

Det er ikkje fyrste gong den tidlegare frontmannen i The Boys besøkjer Noreg. For fleire års sidan spelte The Boys inn eit album i Trondheim, i tillegg til å turnere og spele på fleire festivalar. 

– Veldig dyrt

For ein del år sidan spelte Duncan Reid and the Big Heads både i Oslo, Kristiansund og Trondheim. 

– Noreg er eit veldig vakkert land og det verkar som nordmenn veit å nyta livet. Det einaste negative er at det er så dyrt. Korleis overlever dikka? Spør Reid. 

Musikken deira er veldig melodisk med mykje harmoniar. Nokre kaller det pop-punk, andre kaller det power-pop.

– Jeg kaller musikken for "heavy melody punk". Tenk deg ein blanding av The Ramones, Beach Boys og John Lennon. Det er eit par låter frå The Boys blanda inn i tillegg, seier Reid. 

Som ungdom starta Reid i The Boys og fekk ein tidleg musikalsk utdanning av dei eldre musikarane i bandet, blant anna frå Casino Steel/Stein Groven. 

– Eg har prøvd å vidareføre den musikalske ånden vidare i Duncan Reid and the Big Heads, men eg trur me er endå meir melodisk enn The Boys var, sjølv om dei var eit av dei mest melodiske banda frå punk-epoken, seier Reid. 

Heitare scener 

– Mindre scener slik som på Bakeriet er vanlegvis heitare, men mindre utmattande. På ei større scene hadde det vore mykje meir tomrom, dette blir meir intimt, seier Reid. 

Den erfarne musikaren fortel vidare at dei uansett kjem til å ha det veldig gøy, slik dei som oftast har det når ein opptrer. 

– Eg blir alltid veldig glad når folk seier at det ser ut som vi kosar oss på scena, fordi det er sant, me gjere det. Det blir ein konsert med mykje energi, så me blir nok ganske slitne til slutt, men veldig lykkelege, seier han. 

Det flotte med små scener er at publikum kjem nærare musikarane og det skapar ein fin kontakt. 

Dagen etter konserten i Årdal, skal Duncan Reid and the Big Heads vidare til Svelgen. 

– Eg er sikker på at me kjem til å stoppa ein plass å sjå oss litt om i Sogn og Fjordane mellom dei to konsertane. Kanskje tek vi oss ein spontantur til Anne Karin Kamre slik at ho får høyre på musikken vår også, avsluttar Reid. 

Etter konserten i Årdal på fredag, skal bandet vidare til Nina's Kro i Svelgen. 

Til toppen