BUSTADMANGEL: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, peikar på at det er bustadmangel i Lærdal og at kommunen må byggja der det er plass viss dei får sjansen til det. Samstundes har ordføraren forståing for reaksjonen mot dei potensielle flyktningsbustadene på Bergo. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).
BUSTADMANGEL: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, peikar på at det er bustadmangel i Lærdal og at kommunen må byggja der det er plass viss dei får sjansen til det. Samstundes har ordføraren forståing for reaksjonen mot dei potensielle flyktningsbustadene på Bergo. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). (Arkiv)

– Er det moglegheit for fortetting, så går me for det

Det seier ordførar i Lærdal kommune Jan Geir Solheim. Dei planlagte bustadane på Bergo møter motstand hjå ein av naboane.

Lærdal: John Magne Hiller blir næraste nabo til dei to brakkene kommunen vurderer å byggja for busetjing av flyktningar i Bergo i Lærdal. Han reagerer sterkt på planane slik dei ligg føre.

Mellom anna er han kritisk til prosessen som har vore i forkant av saka og at han ikkje har fått svar på spørsmål han har sendt til kommunen. Men ordførar i kommunen, Jan Geir Solheim (Sp), seier partiet hans har gått til val på å fortette sentrum på Lærdalsøyri.

– Skal me nå måla me har med å auke innbyggjartalet i Lærdal, så må me fortette på Øyri. Det er ikkje ubegrensa med plass. Dei gongene det er moglegheit for fortetting, så går me for det, seier han.

Bustadmangel

Han har forståing for at saka kan ha kome brått på naboane, men seier bustader for flyktningar er noko kommunen har jobba med i fleire år. 

– Det er behov for fleire bustader, ikkje berre for flyktningar, men for vanskelegstilte elles. Det er rett og slett bustadmangel. Kommunen bør gå føre som godt døme og bygge der me kan, seier ordføraren vidare.

– Når det gjeld akkurat flyktningar, så skulle eg helst sett at me klarte å busette dei i heile kommunen fordi det handlar om integrering, men problemet vårt er for lite offentleg kommunikasjon, diverre.

– Bygga er godt innanfor krava i reguleringsplan

Hiller viser også til at huset hans, som brann ned i 2014, var teikna inn på situasjonaplanen inntil dette vart endra rett før formannskapet førre torsdag. Rådmann i kommunen, Alf Olsen jr., svarar at det er eit etterslep på dette arbeidet.

– Bygget vart ikkje matrikkelført av dåværande byggesakshandsamar, og det er eit etterslep på dette. Me jobbar med å få ordna etterslepet. Ansvarleg søkjar la inn bygget på situasjonsplan, svarar rådmannen.

Olsen jr. legg også til at bygga er godt innanfor krava i reguleringsplanen. Hiller på si side meiner bygga vil kome svært tett opp til hans eigedom. 

– Bygga er godt innanfor krava om utnyttingsgrad, storleik og høgder i reguleringsplan. Intensjonane om utbygging på området kjem klart fram av reguleringsplan ,og det må forventast at det kjem nye bustadar på tomter som står att ledige i bustadfelta, seier Olsen jr.

Skal busetja 15 flyktningar i år

Ved utgangen av 2016 hadde Lærdal busett 42 flyktningar. I tillegg ligg det eit vedtak på å busetje 15 nye flyktningar i 2017. Då er behov for bustader.

– Me er blitt ganske flinke på å busetje flyktningar etter å ha vore dårlegast i landet. Me har tatt tak i arbeidet og gjort det godt, og me får gode tilbakemeldingar. Norskopplæringa fungerer godt og naboane tar godt imot flyktningane, påpeikar Solheim.

Til toppen