Lærdal: – Eg tenkte; kunne vera ein oppdrettsfisk som var så stor? seier Løkkebø dagen etter den spesielle fangsten.
Det var i Bruhølen på fiskeretten Nedre Lysne at Løkkebø tok den uvanleg slanke laksen. For, ein laks i normalt eller godt hald som er 121 cm skal vera rundt 18 kilo ifølgje vekttabellen på Norske Lakseelver sine nettsider. Ein slank laks med slik lengd skulle liggja rundt 16 kilo.
Den Løkkebø fanga var berre 14 kilo.
– Den har masse skader på alle finner; deformasjonar. Ikkje garnskader slik eg les det, men slitasjeskader i bakkant av finnene. Og det er typisk for oppdrettsfisk. Heile fisken tyder på oppdrettsfisk, slik sett kan det knapt vera noko anna. Berre at den er tre gonger så stor som dei vanlegvis blir i elv, seier han.
Oppdrettslaks eller vinterstøing?

At det blir fanga rømt oppdrettslaks i lakseelvane er ikkje veldig unormalt, men dei blir sjeldan støre enn 5-6 kilo. Dermed har også diskusjonen byrja å gå blant røynde fiskarar om dette faktisk er ein oppdrettslaks, eller ein villaks det har vore eit eller anna med.
– Den må anten ha vore sjuk, vera sjuk eller ha nokre skader som gjer at den ikkje tek til seg næring. Eg veit ikkje, for liknande har eg aldri sett, seier Løkkebø.
– Var den like stri å få i land som ein så stor laks burde vera?
– Den var slappare enn den burde ha vore. Sprek i starten, men etter ti minuttar var det tomt for krefter.
Mons Frydenlund er ein av sju elveeigarar på Nedre Lysne-retten. Han fortel det er to hovudteoriar blant fiskarane.
– Dette kan ikkje eg så mykje om, så eg vil ikkje meina noko. Men både Løkkebø og han som fiska med han meinte det måtte vera oppdrettslaks. Det same gjorde ein annan fiskar som var innom her. Ein annan teori som verserer er at kan vera ein vinterstøing som har overlevd.
Blir prioritert hjå biologane
Uansett skal dette no finnast ut av; om det er ein oppdrettslaks som har vorte så stor er det oppsviksvekkjande og noko som ikkje burde kunne skje ettersom den då må ha levd svært lenge i naturen .
– Eg har sendt inn prøver til Rådgivende biologer i Bergen. Dei tykte dette var svært interessant og ville prioritera å få teke testane så me finn ut om det er oppdretts- eller vill laks, seier Frydenlund.
Den merkelege laksen var ein holaks og då skal den vanlegvis setjast ut att i elva. Men oppdrettslaks skal takast livet av, så sidan Løkkebø var tilnærma sikker på at det var det det måtte vera då han fekk den, har laksen hamna i frysaren.
– Blir røykt og gitt til dårlege vener

– Dersom holaksar må takast livet av grunna blødningar og skader når den blir fanga, gir me dei vekk til aldersheimen. Men denne var ikkje noko å gi vekk til mat, seier Frydenlund.
Løkkebø vil likevel gi den eit forsøk.
– Om den er brukande til noko, er det vel som røykjelaks. Så me får røykja den og gje den til nokre dårlege vener, humrar han.