VERDAS BRATTASTE: Aosen Opp betyr vidt utsyn, variert natur og å springa gjennom verdas brattaste biltunnel, noko som vil by på overraskingar for dei fleste. Foto: Jonny Asperheim
VERDAS BRATTASTE: Aosen Opp betyr vidt utsyn, variert natur og å springa gjennom verdas brattaste biltunnel, noko som vil by på overraskingar for dei fleste. Foto: Jonny Asperheim

Er du klar for ein luftig og bratt oppleving i spektakulær natur?

Laurdag er det for sjette gong klart for motbakkeløpet "Aosen Opp", som går frå fjord til fjells i Årdal.

– Mange lurer kanskje på kor bratt det egentleg er. Då er det berre å ta turen laurdag for å sjå, seier Tor Henanger, i Årdalstangen IL som er arrangør for løpet. 

Henanger ønskjer på vegne av Årdaltangen IL alle, både unge og vaksne, sambygdingar og folk frå nabobygder, velkomne til Aosen Opp.

Lovar overraskingar inne i verdas brattaste biltunnel

Henanger framhevar utsikta over Seimsdalen, Sognefjorden og fjella rundt som noko av det spesielle du kan oppleva på turen opp. 

– Turen gjennom den 2 km lange Offerdalstunnelen, verdas brattaste biltunnel, med ein stigning på inntil 16 prosent, er også ei spesiell oppleving. Her vil det koma overraskingar for deltakarane, seier Henanger lurt, utan å røpe noko meir. 

Vel ute av tunnelen endrar terrenget seg til skog og i tillegg har heller ikkje snøen på Seimsåsen gått enno. 

Løypa som er på 7,3 km, med ein høgdeskilnad på 730 meter, startar frå stranda i Steinsdalen medan målgang er ved Aosahytta på Seimsåsen. Mesteparten av løpa går langs asfalt, medan ein tredjedel går langs grusveg. Årdalstangen IL​ sørger for at alle deltakarane blir frakta ned frå Seimsåsen med buss.

VED START: Løypa går frå fjord, gjennom ein tunnel og til fjells. Løypa er 7,3 km med ein høgdeskilnad på 730 meter.
VED START: Løypa går frå fjord, gjennom ein tunnel og til fjells. Løypa er 7,3 km med ein høgdeskilnad på 730 meter.

For dei fleste

Aktiv klasse er for deg som er godt trent og startar klokka 12. Det er også ein klasse som spring på makstid, som startar klokka 11.45. Då må du kome deg opp løypa på under 75 minutt. 

– Dei som sett seg som mål om å kome til topps på under 75 minutt, men som ikkje vil konkurrere med teten i den aktive klassa kan delta på makstid. Det er kanskje mange som har lyst å prøve å slå tida si frå i fjor, seier Henanger. 

Likevel legg han til at det ikkje nyttar å gå heile vegen for å nå opp på under 75 minutt. Ein må vera i god form, noko aktive morsjonistar vil klare heilt fint.

I 2012 sette Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve IL, løyperekord på 36.00 minutt. 

I trimklassa kan du anten gå løypa frå stranda i Seimsdalen til Aosahytta, eller delar av løypa. Då startar du frå botnen klokka 11. Denne klassa passar for vaksne som ungar. 

Trimklassa melder seg på før dei startar, medan klassa for aktive og makstid må melde seg på seinast klokka 11.15 laurdag. Nedre aldersgrense for dei som vil springe på tid er 15 år. 

Gløym ikkje Årdalstrippelen

Aosen Opp er eitt av løpa i Årdalstrippelen, som er eit samarbeid mellom Vettisløpet, Aosen Opp og Tur til 1000. 

Vettisløpet har alt vore, men Tur til 1000 går av stabelen i Øvre Årdal til hausten. 

Alle som deltek i alle løpa blir premiert, samt beste totaltid i dei ulike klassane.

Premien til dei som får med seg alle tre løpa, påstår Henanger at er eksklusiv. I tillegg vil det blir kåra beste totaltid i dei ulike klassane. 

Til toppen