VETTISLØPET: Løpet i den praktfulle naturen i Utladalen er 30 år. Vettisløpet er for ungar som veteranar. Bilete er frå Vettisløpet i 2012. Arkivfoto: Jonny Asperheim
VETTISLØPET: Løpet i den praktfulle naturen i Utladalen er 30 år. Vettisløpet er for ungar som veteranar. Bilete er frå Vettisløpet i 2012. Arkivfoto: Jonny Asperheim

Er du klar for Vettisløpet?

Søndag 24. mai brakar Vettisløpet laus på ny, for 30. år på rad.

Vettisløpet startar frå Hjelle gard/Skåri i Øvre Årdal. Den ni kilometer lange løypa gjennom Utladalen, eller fossanes dal om du vil, forbi både Hjellefossen og Avdalsfossen langs ein grusveg som ikkje sparar på bakkane på vegen fram til Flata før Vetti gard.

– Det er berre å koma seg ut, alle er hjarteleg velkomne. Dette blir ein folkefest. Det er mykje som skjer i Skåri denne dagen og løpet er i tillegg ei avrunding av Nasjonalparkfestivalen "Under Storen". Det brukar å vera god stemning, der mange kjem att år etter år. Me håpar vêret er med oss, slik det brukar å vera, seier Rolf Breisnes, som er med i arrangørgruppa for løpet. 

Eit løp for dei fleste

På Vettisløpet kan ein stille i mange ulike klassar, alt etter kva turoppleving du er ute etter. 

Aktiv, er for deg som vil springa på tid. Aktiv er delt inn i ungdom (12-17 år), senior (18-39 år) og veteran. Starten for deg som vil springa på tid er klokka 14. Vil du vera med å sjå om du greier Vettisløpet på under ein time, startar du klokka 13.45. 

Trimklassa er for deg som vil gå raskt eller seint, jogga, spasere med hunden, rullatoren, naboen eller barnevogn, alt etter kva som passar deg. Vil du at turen skal vera lengre eller kortare ni kilometer, har du også høve til det. Trimklassa startar mellom klokka 10 og 14 i Skåri. 

Mini-joggen er for gutar og jenter opp til 12 år. Puljevis startar dei minste i Skåri mellom klokka 13.30 og 14.30. Løypa er om lag 400 meter. 

Premiar i fleng

Då løpet fyller 30 år i år, er arrangørgruppa ekstra raus med premiar. 

I den aktive klassa kan du stikke av med gåvekort, klassepremiar, i tillegg til ein sum på 3000 kroner for å ta løyperekorden. Er du ekstra heldig kan du ta med deg ein sykkel heimatt. Klarar du dei beinharde kilometerane på under timen, kan du vente deg ein spesialmedalje. Det er også ulike premiar for deltaking og nokre premiar blir i tillegg trekt ut på startnummer. 

Påmelding skjer på nett eller ein time før start.

LØYPEREKORD: Både Anna M. Tråve som tok løyrerekorden for kvinner i 2004 og Svein Inge Buhaug, som tok løyperekorden for menn i 2010, er begge venta å stille. Skjermdump: Vettislopet.com
LØYPEREKORD: Både Anna M. Tråve som tok løyrerekorden for kvinner i 2004 og Svein Inge Buhaug, som tok løyperekorden for menn i 2010, er begge venta å stille. Skjermdump: Vettislopet.com

Årdalstrippelen

I år blir også høve til å stille på Årdalstrippelen. Det vil seie premiering av beste tid samanlagt for dei som i år deltek på Vettisløpet, Aosen Opp og Tur til 1000.

Vettisløpet blir arrangert av Jotun Idrettslag saman med bedriftsidrettslaget i Hydro. Løpet er eit folkehelseprosjekt, der dei satsar på å få bygdafolket ut. Talet på deltakarar brukar å ligge på kring 400. 

Meir informasjon om Vettisløpet finn du her

Til toppen