I NYNORSKVINDEN: Anders Veberg er for tida sommarvikar i Aftenposten, men har allereie rukke å gjere seg bemerka.
I NYNORSKVINDEN: Anders Veberg er for tida sommarvikar i Aftenposten, men har allereie rukke å gjere seg bemerka. (Bilde: Dan P. Neegaard)

«Er du nynorskbrukar, berre litt sta og oppteken av språket, så blir du automatisk ein målmann»

Journalist Anders Veberg frå Sogndal meiner sjølv han ikkje er nokon språkrebell, men skapte nyleg oppsikt med å få eit nynorskintervju på trykk i Aftenposten.

Sogndal/Oslo: Måndag publiserte Aftenposten eit intervju med Aasmund Nordstoga, skrive av journalist Anders Veberg frå Sogndal.

At saka var skrive på nynorsk skapte ei viss oppsikt og vart plukka opp av fleire medium. 

– Reaksjonane har stort sett vore positive. Eg har ikkje fått nokon sinte e-postar, for å seia det slik, seier Veberg sjølv om merksemda han har fått i dagane etter.

Les også: Språkprofessor i nynorskkrangel med kjendisveterinær

Kan gå mot oppmjuking

Som dei fleste hovudstadsavisene er det sjeldan Aftenposten slepp til nynorsk, bortsett frå på kronikksidene. Veberg seier nynorskstuntet ikkje var ei rebelsk handling, tvert imot var det sjefen hans som trumfa det gjennom etter at Veberg først føreslo det. 

– Det blir feil viss eg skal få æra for å vera han som kjempa gjennom nynorsk i Aftenposten, seier han.

Les også: – Undervisninga i sidemål bør avviklast

Likevel kan nettopp dèt vere i ferd med å skje. Til Klassekampen seier kulturredaktør Sarah Sørheim i Aftenposten at dei no vil bruke nynorsk der det er naturleg, med unnatak av i reine nyheitssaker.

– Når intervjuobjekt er nynorskbrukar og journalisten, som i dette tilfellet, har nynorsk som hovudmål, ser vi at saka blir best på den målforma, seier Sørheim til avisa.

Automatisk målmann

Då han vaks opp var ikkje språkstrid eit tema, at han skreiv på nynorsk var sjølvsagt. Sidan har han skjønt at det nynorske skriftspråket er under press og engasjementet har auka tilsvarande.

– Er du nynorskbrukar, berre litt sta og oppteken av språket, så blir du automatisk ein målmann, seier Veberg, før han legg til:

– Eg går ikkje rundt og kjempar for at Aftenposten skal skifte språkpolitikken sin, den synst eg er heilt ålreit, men sidan eg personleg snakkar nynorsk og har kjempa for nynorsken, så er det kjekt å få bruka han profesjonelt og ikkje berre på Facebook, seier Veberg.

I Aftenposten har Veberg jobba som debattjournalist i Si;D, ungdomsredaksjonen til Aftenposten. No er han sommarvikar, men skal halde fram som kulturreportar litt utover hausten.

– Det er veldig moro, spesielt no om sommaren. Då er det litt annleis i redaksjonen, litt færre folk på jobb og du får gjera litt forskjellige ting. Som for eksempel å skriva på nynorsk, seier Veberg.

Til toppen