Årdalstangen: Det er beskjeden frå Even Aarethun, som ønskjer å realisere eit bustadprosjekt i Sløbakken på Årdalstangen.
Aarethun dreiv camping på området ei tid før han måtte leggje ned fordi det ikkje var marknad for det. No håpar han derimot at det er marknad for bustader i staden.
– Me kjem til å jobba fram eit salsprospekt i løpet av våren, og så får me sjå an stemninga blant folk. Me må ha ei viss mengd med kjøparar før me kan setja i gang, seier han.
Positive politikarar
Denne veka gav formannskapet i Årdal klarsignal. Saka skal riktig nok innom kommunestyret, men det er lite som tyder på at politikarane snur og seier nei.
Artikkelen held fram under biletet.

– For meg er dette ei gladsak. Det er kjempefint at nokon ønskjer å byggja bustader i nærleiken av sentrum på Årdalstangen, sa Anne Kauppi (Ap).
Innstilt på å gjennomføre
Det kom ingen merknader til saka i tida ho var ute på høyring. Sist saka låg på dei folkevalde sitt bord, kom det spørsmål om dei kunne setja fristar til utbygginga. Aarethun seier dei kjem til å starte det vidare arbeidet så snart kommunestyret har sagt sitt.
– Det er flott at politikarane seier ja. Det betyr ein del for oss at me kan få gjort noko med tomta. Det kan ikkje stå slik i det uendelege, då dett det ned, seier Aarethun.
– No kjem me til å setja i gang med detaljplanlegging ganske fort, og så vil det vise seg om det er marknad for eit slikt konsept. Me er innstilt på å gjennomføre det me har planlagt.
Planen er å setja opp rekkjehus med inntil to etasjar av ulike utformingar i same stil som bustader i nærliggande byggefelt.