GLAD: Steinar Holen tykkjer det er kjekt at han og verksemda han er dagleg leiar for, Østerbø Maskin AS, vart kåra til Årets namn i Høyanger/Gulen av lesarane til Porten.no
GLAD: Steinar Holen tykkjer det er kjekt at han og verksemda han er dagleg leiar for, Østerbø Maskin AS, vart kåra til Årets namn i Høyanger/Gulen av lesarane til Porten.no (Foto: Østerbø Maskin)

Er kåra til «Årets namn» i Høyanger/Gulen

Etter eit tett race i toppen av kåringa stakk Steinar Holen og Østerbø Maskin AS av med sigeren.

Østerbø: – Dette var veldig kjekt å høyre. Vi har jobba bra på, så det er ekstra hyggeleg å høyre dette. Eg vil få takke alle som har stemt på meg, seier Steinar Holen då Porten.no informerer han om resultatet av Årets namn-kåringa for Høyanger/Gulen, som er dekningsområdet til redaksjonen i Ytre Sogn. 

Sjå kven som tok andre og tredjeplassen lenger nede i saka. 

I løpet av dei fem dagane avstemminga var open kom det inn 1081 stemmer på dei åtte kandidatane som var nominerte. Holen og Østerbø Maskin fekk 30 prosent av stemmene og sikra med det sigeren. 

Holen fortel at han vart litt paff då han såg på Porten.no at han og verksemda var nominert. 

– Det hadde eg ikkje venta. Eg hadde ikkje tenkt tanken ein gong, seier han. 

Sidan han køyrer kvit januar, må det bli feiring med Cola med isbitar. 

– Eg fekk i tillegg ete taco på jobb fredag, så eg er nøgd med det, seier Holen og ler. 

– Handlar om folka

Holen gjev seg dette året som dagleg leiar i verksemda etter å ha hatt stillinga i ni år. Det har vore spanande år, med både oppturar og nedturar. 

– Eg har vore gjennom heile registeret, men kvar gong vi har fått juling, har vi røyst oss att, seier Holen. 

Han meiner verksemda har ein veldig godt samansett arbeidsstokk som gjer at det er moro å jobbe. 

– Jobb skal vere alvorleg, men det må også vere moro. Ein skal glede seg til å gå på jobb, det er viktig, seier Holen.

– All ære til folka som jobbar hos oss, både på Østerbø, i Sløvåg og no også på Meland, legg han til. 

Sjølv om han ikkje trur det hadde vore hjelp i kva han hadde gjort viss ikkje han hadde flinke folk med seg, så trur han også at han har ein del gode kvalitetar som leiar.  

– Eg trur at eg ikkje har vore ein så aller verst leiar, tross alt. Eg ser folk og eg føler sjølv eg har gjort ein god jobb. 

Har lært mykje

Holen meiner at han har lært mykje desse åra han har vore øvste leiar. 

– Det har vore både glede og sorg. Eg har lært kva eg skal gjere og kva eg ikkje skal gjere. Ein må gjere feil for å lære å gjere ting rett, seier han. 

Den daglege leiaren trur også det er dei tilsette som er bakgrunnen for at verksemda har lukkast sjølv om hovedkontoret ligg utanfor «allfarveg». 

– Engasjementet blant dei tilsette er grunnleggjande for å få det til. Hadde vi hatt folk som ikkje brydde seg, hadde det ikkje gått. Det betyr alt.

Han legg til at det også har vore viktig med eit god miljø blant dei andre verksemdene på Høyanger sørside, til dømes Osland Settefisk som er lokalisert like i nærleiken. 

Nedturane til verksemda har gjeve grobotn for meir vekst igjen. Åra 2013 – 2014 var ein «skikkeleg utforbakke», ifølgje Holen. Det var tøft før verksemda fekk henta inn kapital og fekk Osland Aktivum og Fjord Invest med på laget. 

– Ein lærer ganske mykje av å få juling. Det var ein som sa til meg at det er dei gode tidene som skaper grunnlag for at dei dårlege tidene skal komme, seier Holen. 

Har teke vare på det sosiale

Holen fortel at heilt sidan gründer Arne Olav Østerbø leia verksemda har det vore stort fokus på å ha mange gode sosiale settingar for dei tilsette. Dette har han teke med seg vidare som dagleg leiar. 

– Det er viktig å ha ein uformell setting der dei tilsette kan treffast òg. Eg har lagt vekt på å få til turar blant anna, og har vore god på å få folk med, seier han. 

Ser alltid etter moglegheiter

I verksemda har ein kultur der ein alltid ser moglegheiter, sjølv om det vert endringar eller nedturar, vore ein styrke. 

– Vi tenkjer at når ei dør går att, så opnar to nye seg. Når noko endrar seg er det heilt sikkert ei moglegheit eller to for å gjere noko meir. Vi gjev ikkje opp når det skjer endringar, men tenkjer at det opnar for noko nytt, seier Holen. 

Han er mest nøgd med å ha lukkast med å få aggregat-delen av verksemda opp i eit slikt tempo som den har no, og med at ei satsing på elektro kjem no framover. 

Satsar i 2020

I år går Holen inn i ei ny rolle som driftssjef i verksemda. Då vert fokuset på å utvikle den mekaniske delen av verksemda, særleg opp mot landbaserte oppdrettsanlegg og industri. I tillegg satsar verksemda vidare på sveising av plast. 

2019 har gått med til omorganisering av heile verksemda for at det skal bli fullt trøkk dette året. Når Holen går over i ny stilling, kjem Richard Cornell inn som administrerande direktør. 

– Det vert bra med ein arvtakar som sit øvst og fokuserer på heilskapen, så kan vi andre ta bolkane lenger nede i organisasjonen. Det er godt jobba at vi har klart å få ein så kompetent person som Richard hit, seier Holen. 

Desse tok andre- og tredjeplass i kåringa

På andreplass i kåringa av Årets namn kom Tove Nygård og Reidun Huseby Vilsvik. Dei låg hakk i hel med vinnaren og fekk 26 prosent av stemmene. Dei to damene var nominerte for det frivillige arbeidet dei har gjort i Eivindvik, der dei blant anna har fått i gang Kafé av og te.

Like bak, på tredjeplass, kom Marita Aasen og Adrian Breidvik som starta Høyanger treningssenter i 2019, og som utvidar allereie i 2020. Dei fekk 23 prosent av stemmene. 

Til toppen