TRENING OG HOBBY: Vegar Dille Tufte (19) er i gang med dagens treningsøkt på Gymloftet, i lag med kompisane Joachim Bjørkum Stølen (18) og Tony Kvam Bjørkum (18). Foto: Ina Eirin Eliassen
TRENING OG HOBBY: Vegar Dille Tufte (19) er i gang med dagens treningsøkt på Gymloftet, i lag med kompisane Joachim Bjørkum Stølen (18) og Tony Kvam Bjørkum (18). Foto: Ina Eirin Eliassen

Er på treningstudioet seks gonger i veka

– Kan det hende Gymloftet må stenge? Nei, det går berre ikkje!

Lærdal: Det er liv og røre oppe på Gymloftet på Lærdalsøyri denne vekedagen i november.

Ei gruppe er i gang med spinning, som er arrangert av turngruppa i Lærdal IL, medan nokre unge karar er i gang med dagens økt mot jern og smertegrense. Dei har klar tale om kor mykje eit tilbod som Gymloftet betyr, og kjem dit frå søndag til fredag, altså seks gonger for veka. 

Artikkelen held fram under biletet.

BETYR MYKJE: For Vegard Dille Tufte (f.v bak), Joachim Bjørkum Stølen og Tony Kvam Bjørkum (framme) er det tydeleg pumping som er greia.
BETYR MYKJE: For Vegard Dille Tufte (f.v bak), Joachim Bjørkum Stølen og Tony Kvam Bjørkum (framme) er det tydeleg pumping som er greia.

– Treng eit uorganisert treningstilbod

– Det er rett og slett ikkje aktuelt å legge ned, seier Joachim Bjørkum Stølen (18). 

– Dette er det einaste å gjera på i fritida. Eg har trena her i to og eitt halvt år, og det har vorte ein god vane. Me treng eit uoranisert treningstilbod som dette. Det er godt brukt, seier Tony Kvam Bjørkum (18). 

– Om Gymloftet blir nedlagt er det mange som mistar hobbyen sin, seier Vegard Dille Tufte (19). 

Han legg til at han også veit om mange som berre ventar på å fylle 16 år, slik at dei også kan vera med å trena der. 

Artikkelen held fram under biletet.

SPINNING: Turngruppa i Lærdal IL har spinningtimane sine på Gymloftet fram til klubbhuset er klart. 
SPINNING: Turngruppa i Lærdal IL har spinningtimane sine på Gymloftet fram til klubbhuset er klart. 

Karane syner Porten.no rundt i rom som inneheld både strikk, slynger og boksepute, i tillegg til dei mange treningsapparata som finst rundt i hovudlokalet.

– Tenk på dei som kjem i tida framover

Sardar Kareh (34) frå Iran, har fått opphald og har no budd eitt år i Lærdal. Han går på norskopplæring i Sogndal, men fortel at Gymloftet, som han kjem til tre til fire gonger i veka, er den einaste fritidsaktiviteten han har. 

Artikkelen held fram under biletet.

VIKTIG TILBOD: Sardar Kareh (34) tykkjer Gymloftet er eit viktig tilbod også for å blir kjent med folk i bygda. 
VIKTIG TILBOD: Sardar Kareh (34) tykkjer Gymloftet er eit viktig tilbod også for å blir kjent med folk i bygda. 

– Me treng ein plass som dette, både for aktiviteten si skuld og for møta lærdøler og ha det kjekt. Det gjeld meg, men også dei flyktningane som kjem framover, slik at me ikkje berre har skulen, seier han. 

Til toppen