SYKKELDAG: I morgon, søndag, er det Verdas sykkeldag. Her er det elevar i Årdal som måtte til kontroll hos politiet før årets sesong.
SYKKELDAG: I morgon, søndag, er det Verdas sykkeldag. Her er det elevar i Årdal som måtte til kontroll hos politiet før årets sesong. (Foto: Sunniva Knutsen)

MEININGAR

Er Sogndal ei sykkelbygd for alle?

Søndag 3.juni er Verdas sykkeldag! FN har slått fast at sykkelen er eit viktig verkemiddel for å nå FN sitt bærekraftmål for å nedkjempe fattigdom, ulikskap og klimaendringar, men blir sykkelen prioritert i Sogndal?

Meiningar: I følge FN bidreg sykling positivt til sosiale, helsemessige, miljømessige og økonomiske utfordringar. Transportøkonomisk Institutt meiner at samfunnet kan spare 30.000 kroner for kvar person som byrjar å sykle til jobben.

Det er fleire kommunar som ynskjer å tilrettelegge for sykkel, og Syklistenes Landsforbund har 10 råd til desse: 

I FOKUS: Artikkelforfattarane er uroa for at det ikkje blir lagt godt nok til rette for auka sykkelbruk i den kommunale planlegginga i Sogndal.
  1. Lag ein sykkelstrategi
  2. Tilsett en sykkelkoordinator
  3. Lag en plan for samanhengande sykkelvegnett 
  4. Tilstrekkeleg med pengar og oppfølging
  5. God og sikker sykkelparkering
  6. Separer sykkelvegnettet frå andre trafikantar
  7. Kampanjar for å oppmuntre til sykling
  8. God drift og vedlikehald av sykkelanlegg
  9. Etabler eit kunnskapsgrunnlag
  10. Oppmuntre arbeidsplassar og skular til å bli sykkelvennlege

Sogndal er blant kommunane som er interessert i auka sykkelbruk, og har i samfunnsdel av kommuneplanen for perioden 2010-2022 stadfesta at «…vi skal vere blant dei fremste kommunane i landet på fysisk aktivitet og folkehelse. …vi skal leggje til rette for mjuke trafikkantar, slik at det vert enklare å gå eller sykle heller enn å ta bilen.

Det betyr at vi skal byggje ut eit godt gang- og sykkelnett, særleg mellom heim og skule/arbeid /fritidsaktivitetar». Sogndal kommune har følgt opp samfunnsplanen med ein sykkelplan for 2013-2023 med 10 tiltak som skal prioriterast fram til 2018.

  1. Fossvegen: fortau og sykkelfelt 
  2. Rv. 5 Gravensteinsgata: sykkelfelt og generell opprusting 
  3. Rv. 5 Helgheimsvegen og Loftesnesbrua: sykkelfelt/ gang- og sykkelveg 
  4. Rv. 55 Stedje bru til Stedjebergtunnelen: sykkelfelt 
  5. Trolladalen (skysstasjonen til Fosshaugane Campus): smalare vegbane og separert gang- og sykkelløysing 
  6. Sykkelparkering: Kvåle skule og Fossvegen v/Fossbygget skal ha sykkelparkering med overbygg, samt betre sykkelparkering generelt 
  7. Loftesnes-Nes-Kvam: sykkelfelt eller gang-/sykkelveg 
  8. Rv. 5 Fjærlandsvegen, Ingafossen – Kvåle bru: gang- og sykkelveg 
  9. Rv. 55 mot Leikanger (frå utgang Stedjeberg-tunnelen mot Nornes): gang- og sykkelveg 
  10. Leitevegen frå kryss v/Markavegen til kryss v/ Rutlinslid: nytt fortau

Nokre av tiltaka er gjennomført eller byrja på, og fremjar sykkelen som transportmiddel. Dersom Sogndal kommune skal bli blant dei fremste i landet på fysisk aktivitet og folkehelse er likevel det som er gjennomført langt frå godt nok.

Parallelt med kommuneplanen og sykkelplanen står fleire utbyggingar i sentrum for tur: Lerum brygge, Campus 2.0, sentrumsbarnehagen og generell bustadutbygging. I økonomiplan 2018-2021 for Sogndal kommune heiter det: «Tilstanden på vegnettet er svært variabel, og slitasjen på vegane veks grunna aukande bruk av bil og aukande tal på innbyggjarar». Vidare resultatmål for 2018 er at: «Vi skal arbeide vidare med å betre tilhøva for gåande og syklande, jf. sykkelplanen, og legge til rette for betre trafikkavvikling gjennom sentrum».

Dersom ein ynskjer at fleire innbyggjarar skal velje sykkel framfor bil, må sykkel vere det enklaste og beste valet! Me er uroa at sykkelframkomsten ikkje vert planlagt og prioritert i budsjett i takt med utbygging og befolkningsauke i Sogndal, ei heller sykkelplanen til kommunen.

I samfunnsplanen ynskjer ein at «…innbyggjarane i Sogndal kommune skal vere aktive og sunne». Me er kanskje aktive samanlikna med resten av befolkninga, og me kan freiste med både laussnø i dalen og sykkelstiar på Kaupanger av ypparste klasse.

Men skal Sogndal vere ein folkehelsekommune må det vere for alle – ikkje berre dei som er mest interesserte i aktivitet. Ikkje alle ynskjer å springe på dei høgaste toppane, eller sykle ned dei brattaste stiane. Tilrettelegging for aktiv transport til og frå jobb, skule og nærområde er derimot truleg det mest effektive folkehelsetiltaket, og bidreg til aktivitet i alle aldersgrupper.

Dagens Fjordsti vil bli ein attraktiv rekreasjonssti for aktivitet, men er ikkje optimal som transportveg. For at flest mogleg skal velje sykkelen oftare enn bilen, må ein planlegge naturleg og samanhengande sykkelflyt. I dag vert sykkelflyten hemma av stadig vegkryssing, høge fortauskantar, smale vegar/fortau med både bilar, syklistar og fotgjengarar.

Både syklistar og fotgjengarar ynskjer effektiv transport, utan å hamne i farlige situasjonar, ta omvegar eller bryte trafikkreglar. Like viktig; ein effektiv sykkeltransport, vil også betyr meir effektiv og klimavennleg biltransport for dei som ikkje har noko anna val enn bilen. 

Sogndal sin sykkelplan er eit flott dokument som skildrar kloke tankar i eit bærekraftig perspektiv, men planar vil ikkje påverke sykkelvanane våre om dei ikkje vert til handling. Høva for dei mjuke trafikantane må ikkje vere det siste som blir ferdigstilt ved store utbyggingsprosjekt.

Mjuke trafikantar må vere sikra og prioriterte frå dag èin! Me ber om at Sogndal kommune tek på seg folkehelsebrillene for godt: Fullfør og vidareutvikle sykkelplanen slik at barn, foreldre og besteforeldre kan ferdast trygt på sykkel og til fots i sentrum og nærområda, inn i ei bærekraftig framtid. Me ynskjer alle ein god Verdas sykkeldag 3.juni!

Til toppen