FØLER SEG HELDIG: Erlend Moen fekk draumejobben i heimbygda Årdal.
FØLER SEG HELDIG: Erlend Moen fekk draumejobben i heimbygda Årdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Erlend fekk draumejobben i heimbygda

Heilt ferskt utdanna gjekk han rett inn i fulltidsjobb som eigedomsfullmektig hjå Garanti i Årdal.

Årdal: Då Erlend Moen var på siste året i utdanninga ved HVL såg han mørkt på arbeidslivet, og trudde ikkje han ville få jobb. 

Han fortel at han hadde lagt draumen om å bli meklar på hylla, og såg føre seg at han måtte halda fram i jobben på Hydro, kor han treivst. Men på nokon få minutt snudde alt.

Eg hadde nettopp levert inn siste oppgåva, og var sikker på at det ikkje var mogleg å få jobb i Årdal. Men så ringde Greta Steinheim frå Garanti, og ti minutt inn i samtala hadde eg plutseleg fast jobb.

Moen:– Har alltid ønskja å jobba i heimbygda

Han beskriv seg sjølv som svært heimekjær, og fortel at han alltid har hatt eit ønskje om å få draumejobben i heimbygda Årdal. 

Han fortel at han har vore inne på tanken om å flytta til byen, men at det ikkje var tvil om kvar han høyrer heima.

– For meg var det heilt optimalt å få jobb i Årdal, det er noko eg har ønskja sidan før eg byrja på utdanninga mi. For meg var det på inga måte noko nederlag å ikkje få jobba i ein by, seier han. 

Han fortel at han synast det er veldig spanande å følgja med på utviklinga i Årdal, og legg ikkje skjul på at det er ein fordel å ha god kjennskap til marknaden når ein skal jobba som meklar.

– Overvurdert å jobba i byen

Moen fortel at då han gjekk ut av vidaregåande, såg dei fleste føre seg å aldri flytta heimatt til Årdal, og hadde heller ønskje om å bu og jobba i ein storby.

– Eg har vener som jobbar som eigedomsmeklarar i byane og dei tener kun på provisjon. I byane er det harde bod og det er dårlege arbeidsforhold, for dei slit seg jo nærast ihjel. Det er litt overvurdert å jobba i byen, seier han. 

Moen har no to praksisår føre seg som eigedomsfullmektig før han får tittelen som eigedomsmeklar.

Han fortel at han er veldig takksam for at han får jobba dei to åra i heimbygda. 

– Eg føler at dei som jobbar i byane ikkje får lært på same måte som eg får her på bygda. Eg kjenner meg heldig som har fast inntekt og kan bruka praksistida på å læra. Eg har vorte veldig godt teken imot, og eg får vera med på alt.

Han seier at kvardagen som eigedomsfullmektig er utfordrande, noko han trivs godt med: 

– Eg synst det er spanande å ikkje ha ein fasit på kvardagen min. Ein veit ikkje kva som skjer i morgon, plutseleg får du ein telefon frå ein som skal ha eit hus, eller ein som skal selje eit hus. Det er kjekt å måtte kjempa for pengane sine, seier han. 

Til toppen