FORFATTAR OG DIKTAR: Erlend Nødtvedt vitjar i kveld Lærdal for å lesa frå den nye romanen «Vestlandet».
FORFATTAR OG DIKTAR: Erlend Nødtvedt vitjar i kveld Lærdal for å lesa frå den nye romanen «Vestlandet». (Elias Dahlen)

Erlend Nødtvedt til Lærdal i kveld

Den kjende bergensdiktaren skal lesa frå boksuksessen «Vestlandet» og har med seg felespelaren Erlend Apneseth og lokalhistorikaren Kåre Hovland.

VESTLANDET: Romanen handlar om to kameratar som har lagt ut på roadtripp i Vestlandets dramatiske natur.
VESTLANDET: Romanen handlar om to kameratar som har lagt ut på roadtripp i Vestlandets dramatiske natur.

Lærdal: Det er ikkje kvar dag at hovudpersonen i ein nasjonal boksuksess køyrer rundt med hovudskallen til ein lærdøl i baksetet:

Romanen handlar om to kameratar som har lagt ut på ein dauddrukken roadtripp med ras og stengde tunnelar gjennom Vestlandets dramatiske natur.

Som leiemotiv har dei bondeopprøraren og vegbyggaren Anders Lysne frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Langs smale og farlege vestlandsvegar treff dei på alt frå daude og levande kunstnarar, spelemenn, seperatistar og tobakksbønder.

Erlend Nødtvedt er rekna som ein av Noregs beste opplesarar, og med seg har han felespelar Erlend Apneseth frå Jølster, og lokalhistorikar Kåre Hovland under opplesinga i kveld.

Hovland vil fortelja om det lokale bakteppet for romanen.

Til toppen