TRIOEN: Denne trioen er valt ut av nominasjonsnemnda.
TRIOEN: Denne trioen er valt ut av nominasjonsnemnda. (Foto: Senterpartiet)

Erling Sande blir stortingskandidat. Håpar på å få med seg Heen

Sande har ikkje planar om å riese aleine til Stortinget.

SOGN OG FJORDANE: Valet vart avgjort av eit samrøysta nominasjonsmøte i Senterpartiet. 

Erling Sande frå Gloppen inntar førsteplass, medan Aleksander Øren Heen og følgde etter på dei neste plassane. Det skriv Senterpartiet sjølv i ei pressemelding.

– Det er eit stort ansvar eg og dei andre på lista har fått, seier Sande i følgje pressemeldinga. 

Beskjed til Sunnfjord-ordføraren

Sande la til at han er ein sosial type, og har difor ingen planar om å reisa aleine til Stortinget. Han håpar å få med seg Heen. 

Det kunne ikkje Heen sei seg ueinig i. Han bad Sunnfjord-ordførar Olve Grotle (H) om å passe seg det neste året. 

Ness kjem frå Gaular. I følgje pressemeldinga var ho audmjuk og takksam for tillita. 

Til toppen