SMAKTE: Statsminister Erna Solberg fortalde ho er mest glad i vin, men smakte lydig på alle dei fem ølsortane Ægirgründer Evan Lewis (t.h.) serverte etter litt "drikkepress"  frå programleiarane Haddy Njie og Mikkel Niva, som dei sa det sjølve.
SMAKTE: Statsminister Erna Solberg fortalde ho er mest glad i vin, men smakte lydig på alle dei fem ølsortane Ægirgründer Evan Lewis (t.h.) serverte etter litt "drikkepress" frå programleiarane Haddy Njie og Mikkel Niva, som dei sa det sjølve. (Bilde: NRK.no/sf)

Erna framheva gründerskapen då sommartoget kom til Flåm

Aurlandsordføraren hentar fram dei store orda etter sommartogvisitten.

Aurland: - Forholdet mitt er at eg heller drikk vin om eg får valet. Så eg plar eigentleg å seia at øl krev akevitt ved sidan, sa statsminister Erna Solberg då ho fekk servert ein planke med ulike typar Ægir-øl under NRK si Sommeråpent-sending frå Flåm fredag kveld.

På sterk oppmoding og med ein smule drikkepress frå programleiarane Haddy Njie og Mikkel Niva smakte likevel Solberg på alle øltypane og konkluderte med at favoritten var "Kveite", ein witbier med koriander og appelsinskal.

Ægir-gründer Evan Lewis, som under seansen fortalde om dei ulike øltypane, hadde vel neppe vore ueinig same kva statsministeren hadde vald seg ut som favoritt, men han tykte altså valdet var godt.

- Det seier at Erna er ei svært klok dame som elskar mat og smak, og det er ein fantastisk kombinasjon, sa han under NRK-sendinga.

- Veldig kjekt at Aurlandsskoen vart løfta fram

SVÆRT NØGD: Aurlandsordførar Noralv Distad. Arkivfoto
SVÆRT NØGD: Aurlandsordførar Noralv Distad. Arkivfoto

Aurlandsordførar Noralv Distad tykte sjølvsagt det var stas å ha partikollegaen på besøk.

- Det er alltid kjekt å få helsa på henne. Me fekk slått av ein prat før ho gjekk på.  Erna kjenner Aurland godt; ho var her for fire år sidan før valkampen og sist gong etter flaumen i 2014. Så eg fekk sagt at me er veldig glade for stønaden me fekk til å byggja opp att det som vart øydelagt, seier Distad til Porten.no.

At Solberg framheva gründerskapen i bygda sette ordføraren pris på.

- Ho løfta også fram Aurlandsskoen, som har fått ein ny giv, og det tykte eg var utruleg kjekt.

Ordføraren nesten mållaus over kor vakker hans eigen kommune framstod

Visitten til sommartoget gav mykje TV-tid til Aurland, og ordførar Distad er ein særs nøgd mann dagen etter.

- Det var ein veldig vellukka dag. Toget kom nedover Flåmsbana på morgonen, og frå då av og ut var det mykje aktivitet og folk heile dagen. Det var veldig positivt og veldig kjekt at så mange var til stades. Me fekk vist fram mange av dei spennande aktivitetane me har gjennom sendingane.

Så begeistra er ordføraren når Porten.no snakkar med han at han verkeleg tek fram dei store orda.

- Me veit at me bur i ein vakker kommune, men når ein ser det på TV slik med helikopterbileta frå Nærøyfjorden og resten av området blir mes nesten mållause sjølve. Aurlandvart  presentert på ein svært god måte.

Til toppen