GLADE DELTAKARAR: Eskil Bjørnevåg til høgre var den eldste vinnaren i Skjolden si utgåve av Mesternes mester.
GLADE DELTAKARAR: Eskil Bjørnevåg til høgre var den eldste vinnaren i Skjolden si utgåve av Mesternes mester. (Foto: Linda Watten)

Eskil (13) blei «mesternes mester» på Skjolden: sjå biletegalleri!

Kulturdagane på Skjolden feirar 30 år denne helga og både store og små får vera med på feiringa. På leikeplassen i Moane arrangerte idrettslaget "mesternes mester" for dei yngste.

Sjå galleri nederst i artikkelen. 

Skjolden: – Eg var dårlegast på å sitte i 90-graders vinkel men tydlegvis ganske god på dei andre øvingane, seier Eskil Bjørnevåg med pokalen i handa.  

Han og 46 andre born og unge i alderen 0 til 15 konkurrerte mot kvarandre i ei barnevenleg utgåve av den populære TV-serien. 

– Me byrja med det i fjor etter at Yngvar Andersen opna den nye leikeplassen her i Moane, seier Mona Bukve i IL Fanaråk. 

Høgt konkurranseinstinkt 

– Komiteen i Kulturdagane Skjolden lurde på om e ikkje kunne laga noko for ungane, og sidan det allereie er mykje som skjer i sentrum laurdagen så lagde me til dette som ein start på helga, seier Bukve. 

I strålande sol spring borna rundt og deltek ivrig på dei ulike øvingane. Konkurranseinstinktet er høgt hjå nesten kvar og ein av dei. 

– Det er fem aldersgrupper med ulike øvingar til kvar gruppe. Me prøver å legga vekt på noko fysisk, noko tenking og noko flaks slik at alle har moglegheit til å meistra noko. 

God blanding av øvingar 

Dei største borna fekk delta i litt meir fysisk krevjande øvingar. 

– Me hadde armheng, bip-test, og å sitta i 90-graders vinkel for dei. Så kasta dei melkespann. Me prøver bruka litt av det som er her på leikeplassen i tillegg til ha dei øvingane som dei har i Mesternes mester, seier Bukve. 

Og den som greidde sitta lengst i 90 grader var Tobias Urnes. Han sat i imponerande 12 minutt og fekk til slutt kake medan han sat sånn.

– Det går bra å sitta sånn, men det gjer vondt i føtene altså, seier 13-åringen. 

Andre seieren for Sjur (6)

Sjur Flikki Fuglesteg (6) tok seieren i si aldersgruppe.

– Eg vann i fjor, og no, so eg vinna neste år òg. Pokalen skal stå der eg har fotballpokalane mine seier han. 

Kulturdagane på Skjolden tykkjer det er viktig at det er noko å gjera for dei yngste.

– Me har natursti mellom Fortun og Skjolden der dei må greia fem av 10 spørsmål. I tillegg er det ansiktsmaling og ulike bodar for dei minste.

GLADE DELTAKARAR: Eskil Bjørnevåg til høgre var den eldste vinnaren i Skjolden si utgåve av Mesternes mester. (Foto: Linda Watten)
YNGST: Erle var den yngste av borna som fekk medalje. (Foto: Linda Watten)
TUNGT: Tobias Urnes sat sånn i 12 minutt før han blei skikkeleg sleten i føtene. (Foto: Linda Watten)
GLAD: Jubelen var stor då Sjur blei vinnar i sin klasse for andre året på rad. (Foto: Linda Watten)
ARMHENG: Fleire av øvingane føregår slik som i tv-serien. (Foto: Linda Watten)
LEIK: Dei minste fekk prøve seg på enkel leik og moro i sandkassa. (Foto: Linda Watten)
KREVJANDE: Å henge etter berre armane er tungt for dei aller fleste. (Foto: Linda Watten)
GODT OPPMØTE: 47 klare born og unge møtte opp på leikeplassen for konkurranse og moro. (Foto: Linda Watten)
Til toppen