MEININGAR: På bildet ser du Einar Rysjedal i Raudt Høyanger.
MEININGAR: På bildet ser du Einar Rysjedal i Raudt Høyanger. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

MEININGAR

Espen Barth Eide (Ap) og Høgre-regjeringa sin vindkraftpolitikk

«Dersom Espen Barth Eide sin redningsplanke utløyser meir vindkraft-utbygging, kan den bety ein ytterlegare auke i klasseforskjellar», skriv Einar Rysjedal i dette meiningsinnlegget.

Meiningar: Vil toppleiinga i AP kome vindkraftselskapa til unnsetning og provosere fram meir vindkraftutbygging? Spørsmålet er relevant sidan Espen Barth Eide (AP) sa følgjande: «Det er utrolig hvor mye vakrere et vindkraftverk blir hvis det skattlegges ordentlig» til Klassekampen 10. juli. 

Faren er at auka skattlegging av vindkraftselskapa, kan kjøpe kommunar og ordførarar som tidlegare har vore bastante mot vindkraftutbygging. Ein skakkøyrt kommuneøkonomi og seinverknadar av Korona’n, kan gjere Barth Eide sitt agn til ein alvorleg trussel. Vi kan bli ramma av vindkraft der vi elles har hatt ein samla lokal motstand.

Les òg: Ut av Vestland!

I samsvar med plan- og bygningslova

Sterk motstand frå innbyggjarar, organisasjonar og kommunestyra i område som er trua av vindkraftplanar, har gitt konsekvensar. Høgre-regjeringa har med sine tre ansikt fått fram ei stortingsmelding om vindkraft.

Enkelte framstiller høgre-partia si melding slik at sentrale myndigheiter no vil bremse den galopperande vindkraftutbygginga. Det er ikkje tilfelle.

Meldinga legg stort sett opp til å blankpolere vindbaronane sine planar for å avvæpne den godt grunngitte motstanden.

Meldinga foreslår verken kommunalt veto eller noko som kan likne på at kommunane skal få det avgjerande ordet. Vindkraft-utbygginga skal framleis ikkje gjerast i samsvar med plan- og bygningslova slik all anna arealutnytting blir.

Lokale motstanden må oppretthaldast

Heile meldinga er sterkt prega av at det framleis skal byggjast ut mykje vindkraft. Det er ein trussel som framleis heng over vår kommune; både i Høyanger-fjella sine austlege område og fjella vestover mot Vadheim og i fjellområda frå Vadheim og vestover til grensa mot Hyllestad kommune.

Med eller utan Barth Eide sin redningsplanke for vindbaronane; den lokale motstanden må oppretthaldast, vedlikehaldast og styrkast.

Det er nødvendig fordi natur, miljø og allemannsretten fortener det.

Auke i klasseforskjellar

Det er også nødvendig fordi eit auka kraftoverskot betyr meir krafteksport, og dermed auka straumprisar og nettleige. Dette er ein alvorleg trussel mot arbeidsplassane, særleg i den kraftkrevjande industrien. Det vil også slå ut i økonomien til folk flest, særleg dei vanskelegstilte.

Dersom Espen Barth Eide sin redningsplanke utløyser meir vindkraft-utbygging, kan den bety ein ytterlegare auke i klasseforskjellar. Det har vi fått nok av med høgre-regjeringa.

Til toppen