INNFLYTTINGSKLAR: Jan Turlid og Sogn Dekkservice er klare for å flytte inn med komplett dekkverkstad i det nye næringsbygget som kjem på Håbakken. Foto: Odd Helge Brugrand.
INNFLYTTINGSKLAR: Jan Turlid og Sogn Dekkservice er klare for å flytte inn med komplett dekkverkstad i det nye næringsbygget som kjem på Håbakken. Foto: Odd Helge Brugrand.

Etablerer dekkselskap på Håbakken

Sogn Dekkservice skal etablera seg i det nye næringsbygget på Håbakken i Lærdal.

Det er ikkje berre Opedal Drift som skal inn i det nye næringsbygget som skal stå klart i februar på Håbakken.

Også det nyetablerte selskapet Sogn Dekkservice flyttar inn der. Det er dekkdelen i Turlid Transport i Aurland som no sler seg saman med andre og flyttar inn på Håbakken.

Jan Turlid i har seld selskapet sitt til SR Group i Stavanger, men ønskjer å ta med seg dekkverkstaden frå Aurland og til Håbakken. 

– Planane er å driva ein komplett dekkverskatd. Det vil seia alt av dekk, butikk med rekvisita og oljeskift og muligens bilpleie, seier Turlid til Porten.no.

– Me vil tilby dekkskift og dekkhotell. Samstundes skal me ha ein truck der og driva med litt omlasting, og me kjem til å jobba inn mot kontrollstasjonen til Statens vegvesen, held han fram.

Riktig stad til riktig tid

Styreformann Tore Flaget fortel til Porten.no at dei har mange turar til Håbakken og området rundt på grunn av kundar som treng deira teneste.

– Det er turar dit nesten kvar dag, og då ser me ingen grunn til ikkje å tenkja nytt. På Håbakken ligg me slik til at me kan serve mange utan at dei må inn i ein avkrok som verkstaden min eller til Jan. 

– Det handlar om å vera der det er behov for ein. På Håbakken er ein meir riktig plassert, og det er vel den plassen i landet dei kontrollerer flest vogntog etter Svinesund. Håbakken er ein genial plass å ligga, seier han.

Arbeidsplassar

Flaget legg til at han har stor tru på at dette skal gå bra.

– Me vil tilby kompetente folk som kan hjelpa kunden med alt dei treng innanfor dekk og felg, og så kan me hjelpa folk med andre ting også, seier han.

Selskapet er no på utkikk etter ein dagleg leiar. Etableringa vil tilføra Lærdal nye arbeidsplassar.

– I første omgang blir det ein, men det kan fort bli to, seier Turlid før Flaget legg til.

– Eg ser for meg at det kan bli mange arbeidsplassar. Utan at eg har noko grunnlag for å seia dette, så trur eg ikkje det er lenge til kontrollstasjonen vert døgnopen på grunn av krava frå regjeringa om å få ned ulykkestala. 

Til toppen