Fylket: I ei pressemelding onsdag opplyser Sogn og Fjordane Næringsråd at dei ser etter ny dagleg leiar. Det skjer etter at noverande dagleg leiar, Leon Bakkebø, har takka for seg.
– Bakgrunnen for at eg avsluttar arbeidsforholdet er at familien på forsommaren bestemte oss for å flytte til Oslo. Då vart det naturleg å søkje etter nye jobbutfordringar der, seier han ifølgje pressemeldinga.

- Les òg: – Ein merkedag for næringslivet i fylket
Får toppjobb i Oslo
Bakkebø har vore dagleg leiar i næringsrådet sidan april 2017. I oktober startar han i ei nyoppretta stilling som finansieringsdirektør i Innovasjon Norge.
– Det er sjølvsagt trist å gje seg etter så kort tid i næringsrådet. Men eg er trygg på at dette arbeidet blir vidareført på ein god måte.
Sogn og Fjordane Næringsråd er ein medlemsorganisasjon for bedrifter i fylket. Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane tok iniativ til stiftinga i 2016. Målet er å auka verdiskapinga i fylket, ved å inspirera til auka samarbeid og kunnskapsdeling mellom bedriftene.
Hallèn har hastverk med å finna ny leiar
– Når han først skal slutta synest me det er kjekt at han har fått ein så sentral posisjon i eit nasjonal apparat. Me håpar me kan halda fram å spela på lag, og me kjem til å bruka han som ein ressurs òg i framtida, seier styreleiar Yngve Hallén om avgangen.
Styret jobbar no med å få på plass ein som kan ta over i jobben.
– Det har vore sommar, men no når me er tilbake frå ferie vil me legga ein strategi i nær framtid. Leon er med på laget fram til han startar i ny jobb 1. oktober. Det er ønskjeleg å få på plass ein ny dagleg leiar snarast, seier Hallén.