Årdal: Etter fem år er islendingen klar for nye oppgåver på sidelinja. Etter fem år som trenar for Jotun, deretter Jotun/Årdalstangen, skal Sveinsson leie Stryn sitt herrelag i 2. divisjon.
– Eg har fått førespurnader frå fleire klubbar, men dette var det tredje året på rad at Stryn tok kontakt. Dei to andre åra har det ikkje blitt noko av først og fremst fordi eg har hatt ein bindande kontrakt med Jotun, men no er den ferdig. Då er det eigentleg tid for å lea litt på seg og sjå om ikkje ein kan gå opp eit hakk og utvikle seg sjølv, seier Sveinsson.
Den islandske trenaren, som har vore trenar i Jotun i to vender, har allereie byrja i ny jobb og flytta til Stryn. Bak seg legg han eit lag som på få år har gått frå å kjempe om opprykk til 1. divisjon til å spele 4. divisjonshandball.

Utanomsportsleg fokus
Sportsleg har pilene peikt i feil retning, men også utanfor parketten har det ikkje alltid vore så greitt.
– Heilt sidan eg kom i 2012 har spelarstallen vore tynn med rundt elleve spelarar. Det skuldast at arbeidet som vert gjort innanfor rekruttering rett og slett ikkje er godt nok. Så veit alle at det oppstod ein del spetakkel i den tredje sesongen, seier han og siktar til episoden der tre av nøkkelspelarane slutta i protest mot Sveinsson.
– Etter den episoden var det fritt fall, legg han til.
Førre sesong starta det «nye» unge laget godt, men mot avdelingas beste lag, Sogndal, sleit dei, og til slutt vart det ein 2. plass. 4. divisjon er uvant kost for ei handballbygd som Årdal.
– Når det er sagt, så har det sikkert aldri vore så gøy med handballen som dei siste to åra med fred og ro, og der spelargruppa har vore nøgde med opplegget, seier islendingen.

Etterlyser ambisjonar
Også han tykkjer det er trist at handballen i bygda har enda opp der han er no.
– Hovudpoenget er at det må vera trenarar som er engasjerte i akkurat den idretten og har ambisjonar om å oppnå noko innanfor handballen, ikkje berre for eigen unge eller aktivitet. Frå min ståstad er det meiningslaust å drive med ein idrett dersom ein ikkje vil oppnå resultat og bli ein god utøvar.
– Alle veit at det er foreldre som trenar ungane på frivillig basis. Det er og blir ein diskusjon her i Noreg. Eg meiner Noreg bør ut av den frivillige ordningar dersom ein skal oppnå noko, seier han.
Takkar for seg
Sveinsson seier han er letta over at han no får prøve seg i ein ny klubb og takkar for tida han har hatt i Årdal.
– Eg må nemne nokre personar særleg. Gunn Lerøy som eg skuldar alt det beste i verda. Terje Sylvarnes som assistent og ven, og ikkje minst Reidun Myrland, Arne Håkon Laberg og Alf Roger Lereng som har støtta meg.