Sogndal: I september kan vegstriden i Hodlekve få eit endeleg punktum i Gulating lagmannsrett. Ei rekke tomtekjøparar meiner Jordskifteretten landa på ei urettvis fordeling då tvisten fekk eit førebels punktum i 2016.
– Det vart bestemt å dela kostnadane for vegvedlikehald likt på alle, om du har fem eller femti meter veg. Det er me ikkje samde i, seier Idar Kollsete, ein av dei 48 tomteeigarane som er partar i den komande rettsaka.

- Les òg: No skal han få fart på utviklinga i Hodlekve
- Les òg: Her har dei krangla om veg i to år – no går saka for retten
– Ikkje kranglete
Då konflikten med utbyggaren Sognefjorden Utvikling starta i 2014, handla usemja om kven som skal eiga stikkvegane på det nye hyttefeltet og kven som skal betala for vedlikehaldet av dei. Den striden vart landa i jordskifteretten. Det Gulating lagmannsrett skal avgjera er om fordelinga av utgiftene er rettvis.
– Det er kanskje nokon som meiner at me er kranglete. Det meiner eg absolutt ikkje. Eg meiner det er eit rettferdigheitsprinsipp. Det er ikkje småsummar heller, her kan det vera snakk om tusenvis av kroner me blir forplikta til å betala i årevis framover, seier Kollsete.
Han seier dei ba om å få ei enkel vurdering av spørsmålet, og vart overraska då lagmannsretten heller gjekk for full rettsak.
Kollsete håpar uansett at dei no får sett eit endeleg punktum for saka:
Har framleis trua på Hodlekve
– Det er ingen som har lyst til dette. Fleire har ikkje orka å bygga på tomta enno på grunn av denne saka, inkludert meg sjølv. Dette skulle berre vera kjekt, men har ikkje blitt det. Viss me får landa dette no, så kjem nesten alle til å smila, seier Kollsete.
Forventingane vart skrudd i vêret då Even Hegbom og investorane frå Myrkdalen lanserte gondolplanar og verdiskaping i millardklassen i 2012.
Sjølv om ei seigliva konflikt har fått prega dei siste fire åra, er ikkje Kollsete svekka i trua på framtida.
– Hodlekve dreg meir og meir folk. Det er ting på gang der no, det kjem fleire heisar, det kjem forhåpentlegvis gondol, Dalalåven skal snart opp. Det er mykje positivt, og det trur eg vil halda fram, seier han.