AVHENGIG AV BRA BRANNVESEN: Rådmann i ÅRdal Stig-Stark Johansen meiner begge kommunane er avhengige av eit særs oppgegåande brannvesen, med tanke på industrien i Årdal og ei forhistorie med storbrann i Lærdal.
AVHENGIG AV BRA BRANNVESEN: Rådmann i ÅRdal Stig-Stark Johansen meiner begge kommunane er avhengige av eit særs oppgegåande brannvesen, med tanke på industrien i Årdal og ei forhistorie med storbrann i Lærdal. (Illustrasjonsfoto: Lidvar Berge/Arkiv)

Etter mange år får Årdal og Lærdal brannvernavtale

Etter fleire år med samarbeid vedtok kommunestyret i Årdal i dag ein avtale på brannvern mellom Årdal og Lærdal.

Årdal: I dag tok politikarane i Årdal stilling til ein avtale som legg opp til samarbeid om brannvern med Lærdal, der Årdal skal vera vertskommune. Det vart einstemmig vedteke. 

– Begge kommunane er avhengige av eit særs oppgegåande brannvesen. Du har industrien i Årdal og ei forhistorie med storbrann i Lærdal. I framtida krev det at du kanskje tenkjer litt større en eigen kommune, seier rådmannen i Årdal Stig Stark-Johansen. 

Samarbeidet har allereie gitt positiv effekt

Årdal og Lærdal har hatt eit samarbeid innanfor dette fagområde sidan 2011, og no vil dei formalisere det som eit interkommunalt samarbeid, og rådmann Stig Stark-Johansen er positiv til det.

– Føremålet med samarbeidet er å få gevinstar innan drift, tenesteutføring, ressursfordeling og kompetansebygging, skriv rådmannen i saksutgreiinga til politikarane.

Han skriv i sakspapira at han at han legg vekt på at det allereie er eit samarbeid mellom kommunane, og at ein ser no at dette har gjeve positiv effekt på kompetansebygging og utnytting av ressursane. 

Til toppen