SOLOPPGANG: Sola står tidlegare og tidlegare opp for kvar dag i godt og vel eit par månader til. Illustrasjonsfoto: Pixabay
meiningar
SOLOPPGANG: Sola står tidlegare og tidlegare opp for kvar dag i godt og vel eit par månader til. Illustrasjonsfoto: Pixabay
meiningar

Etter mørket kjem lysare tider (?)

"Det er mykje negativitet i Lærdal om dagen", høyrer eg det stadig blir sagt. Kanskje kan den lysare årstida og eit pusterom i påska hjelpa på humøret.

KRONIKK: - Den som trur det blir ein stille haust i Lærdal, tek feil, sa lærdalsordførar Jan Geir Solheim på første kommunestyremøtet etter sommarferien i fjor.

Han fekk så rett, så rett. At det ville bli ein heil del konflikt, skjøna nok både ordføraren og mange andre. Ei nedlegging av Ljøsne skule ville skapa sterke reaksjonar, så klart. Slik vart det.

At Håbakkenprosjektet til SIMAS ville føra til store protestar frå grunneigarar og naboar bør ikkje ha kome som ei overrasking på nokon. Eg kjem frå gard sjølv og veit korleis det er å føla at ein har slått ei svært sterk rot.

Det nye året starta med ei vanskeleg konfliktsak mellom nokre politikarar og toppadministrasjonen i kommunen. Og i seinare tid har det vore ein ny runde med grunneigarar og naboar som er både sinte og leie seg fordi dei er redde for å få ei stor kai midt i fanget.

- Det må jo vera heilt topp for deg, du får så mykje å skriva om.

Den har eg høyrt ein del gonger dei siste vekene og månadane.

Jau då, det er sant nok. Men sjølv om det kanskje kan verka slik av og til, er det ikkje nødvendigvis slik at journalistar tykkjer det er fabelaktig å skriva om harde konfliktar. Misforstå meg rett; det er særdeles viktig å skriva om, langt på veg er det difor me finst - det er oss einskildmenneske kan og skal kunne ta kontakt med når nokon føler seg angripe eller urettvist handsama av storsamfunnet.

Men - i alle fall me journalistar i lokalmedia - bur og lever i dei samfunna der dette går føre seg. Me kjenner som regel aktørane meir eller mindre godt. Og me har altså kjensler ganske på nivå med andre menneske, me også. Som me som profesjonelle må leggja bort når me gjer dagsverket vårt. Men som likevel er der, støtt og stadig.

Så er det saker som ikkje handlar om konflikt, men som ganske enkelt er einsidig negative av natur. Då har eg sjølvsagt utbrotet av skrantesjuka på villreinen i Nordfjella i tankane. Når slikt kjem oppå ein heil del konfliktsaker, kan tilveret som journalist vera ganske deprimerande.

Difor tykkjer me også det er umåteleg kjekt å skriva om ting som går bra. No har eg ikkje spurt om ryggdekning for eit slikt utsegn frå mine to andre journalistkollegaer i Porten.no i skrivande stund, men eg føler meg viss på at  dei ikkje protesterer. Då får dei heller dementera meg over påske.

For det er ein heil del som går bra. Mykje, faktisk. Gründerar og næringsliv med stor tru på framtida: hengekøyegründeren frå Sogndal som har vore med og skapt ei verksemt i vekst, Amok Equipment, nLink i Sogndal som vil tredobla staben, undommane bak ShoeSaver i Årdal som vart kåra til fylkets beste ungdomsbedrift og reiselivet i Aurland som berre veks og veks. 

Me har massevis av dyktige musikarar og andre kulturytarar i desse bygdene; no har Påskerock nett gått av stabelen i Årdal med ti band frå eiga bygd, me hadde over 40 ungdommar i sving frå desse fire kommunane på UKM-festivalen i Høyanger. Og driftige folk står på for å få til høgdepunkt den ventande sumaren; Målrock, Fjord til fjell, Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom Heimatt, Aurlandsmarknaden, ein heilaften i Undredal - you name it.

I Lærdal er det lyspunkt også på økonomi - og næringslivssida. Kommunen styrte mot eit monaleg meirforbruk (underskot, med folkeleg ordbruk), men gjekk likevel med mindreforbruk (overskot).

Kongevegen fekk den gjevaste prisen for kulturminnevern i Europa nyss, noko som kan skapa vekst i turistnæringa. Og Lærdal Grønt og Smak av Sogn lanserer eit spennande prosjekt for Håbakken som truleg, dersom dei blir realiserte, blir mindre konfliktfylt enn pelletsplanane.

Så det er kjekt å skriva desse sakene som har ein form for positiv aura. Kjekt å sjå at dei blir godt lesne av folk og gjerne får fleire hundre "likes" på Facebook. Kjekt å sjå at folk unnar kvarandre suksess og likar positiv driv.

Utan at me skal slutta å skriva om dei tunge konfliktsakene av den grunn - på ingen måte, det er som sagt langt på veg difor me er her.

Og for å nemna det også; dei som jobbar med pelletsplanane gjer det trass alt fordi dei har sterk tru på at dette vil bli positivt for Lærdal, først og fremst i form av rundt 30 nye arbeidsplassar. Elles ville dei vel ikkje orka å ha stått i den til tider tunge kritikken. At røyster frå "begge sider" kjem til orde er sjølvsagt svært viktig.

Når det gjeld dei einsidig negative sakene som den nemnde skrantesjukesaka får ein berre be til høgare makter om at det går så bra som det kan. Det passar jo godt no i påska.

For det er jo Langfredag. Den tyngste dagen i året, sett med religiøse augo. Så heiter det vel at "påskemorgen slukker sorgen". Det handlar altså påska om - at etter tunge tider blir det alltid betre. Samstundes er våren her og dagane blir lengre og lysare i to månader til. 

Med andre ord blir det lysare, sjølv for den som tykkjer det har vore mykje negativt i Lærdal siste tida.

Med det ønskjer me i Porten-redaksjonen alle lesarane våre ei riktig god påske!

Til toppen