FÅR SETT NED FARTEN: Etter ti års kamp ser det endeleg ut til at dei som bur i Erisbakken i Lærdal vinn fram med argumenta sine for å få sett ned fartsgrensa på riksveg 5.
FÅR SETT NED FARTEN: Etter ti års kamp ser det endeleg ut til at dei som bur i Erisbakken i Lærdal vinn fram med argumenta sine for å få sett ned fartsgrensa på riksveg 5. (Bilde: Privat)

Etter ti års kamp ser det endeleg ut til at fartsgrensa vert sett ned

– Endeleg, utbryt Petter Andresen. I ti år har han forsøkt å få sett ned fartsgrensa på riksveg 5 på Erisletta i Lærdal.

Lærdal: Seinast i august skreiv Porten.no om Petter Andresen som i ti år har lagt fram argument etter argument for å få sett ned fartsgrensa på riksvegen som går forbi garden hans.

På det meste er det 70 menneske i arbeid på gardane i området. Desse kryssar vegen dagleg med traktor og reiskap. Tre familiar med til saman fire born bur rundt vegen, der fartsgrensa i dag er på 80 kilometer i timen.

No har han endeleg blitt høyrt. Statens vegvesen har kome med eit framlegg om å redusera fartsgrensa frå Håbakken til Erisbakken til 60 kilometer i timen. Frå Erisbakken og ned til 70-sona ved sjukehusskrysset vert farten sett ned til 70 kilometer i timen. 

Her blir det ny fartsgrensa

  • 60 kilometer i timen: Strekninga Håbakken til Erisbakken. Om lag 1400 meter.
  • 70 kilometer i timen: Strekninga Erisbakken til start på eksisterande 70-sone ved sjukehusskrysset. Om lag 2800 meter med ny fartsgrensa.

– Endeleg kan det sjå ut til at me får sett ned farten etter ti år med mange gode argument. Det er ein stor glede for alle som bur her, seier Andresen.

Fått fleire uromeldingar

Årsaka til at Vegvesenet no har bestemt seg for å lytta, forklarar Johannes Tubbene i plan- og forvaltingsseksjonen slik:

– Me har fått fleire og fleire uromeldingar om farten, spesielt i området rundt Erisbakken. Me har skjønt på naboane at det er større aktivitet på garden. Husa ligg tett på vegen, det har dei alltid gjort, og så har ein dette med ungar og skuleskyss. No er nye forskrifter på gang som opnar for ei viss oppmjuking av vurderingane som skal leggjast til grunn, seier han.

Kan senka skuldrane

For Andresen og resten av menneska som bur i området betyr framlegget utruleg mykje.

– Det har vore ein reell fare som har påverka oss. Det er ikkje noko me berre ha kjend på, men det har skapt frykt for dei som bur her, særleg når ungane vart eldre. Viss det hadde gått gale, ville konsekvensane ha vore fatale. No kan me senka skuldrane litt, og det er ei veldig god kjensle, fortel han.

Framlegget er no på høyring med svarfrist i november. Er det ingen store motførestillingar, trur Tubbene at 60- og 70-sona kan vera på plass før årsskiftet.

Då formannskapet hadde saka til handsaming i førre veka, la dei også til at dei forventa at Vegvesenet ville gjera noko med heile strekninga frå Håbakken og ned til bensinstasjonen på Lærdalsøyri.

Til toppen