Balestrand: – Når folk oppdagar denne fjellturen, så har eg tru på at Keipen kan bli ein stor attraksjon for Balestrand, seier hotelldirektør Steinar Kvikne ved Kviknes hotell.
Han var ein av pådrivarane då arbeidet starta for tre år sidan. No er stien til Keipen straks ferdig.
Betre merking, sikring, og utbetring av stien skal gjera at fleire kan oppleva toppen med den heftige utsikta. Krona på verket er 1200 meter med trapper i stein, laga av kyndige steinekspertar frå Nepal.
– Det er eit imponerande stykke arbeid, og ein attraksjon i seg sjølv, seier Jørgen Hundseth, den ansvarlege for gjennomføringa i Balestrand kommune, saman med prosjekleiar Einar Målsnes.

Framleis ein tung tur
Omlag 700 meter av stien har blitt lagt gjennom ei ur, for å unngå dei blautaste partia. Der du før knapt kom deg fram, sjølv om du var god til å klyva, har sherpaane no lagt ein fin sti.
– Hadde me ikkje hatt dei, så hadde me ikkje fått det til, seier Hundseth.
Før stien vart bygd var det til dels særs krevjande å komma seg opp til Keipen. No skal han passa for dei fleste som er vande med å gå i fjellet.
– Skal du heilt til topps, må du framleis opp 1400 meter. Så sjølv om det er god sti, så må du vera i god form. Me kallar det framleis ei ekspertrute, seier Hundseth.

Toppen ligg på ein rygg, med bratte stup til alle kantar. Rett før du kjem så langt må du gå over Bjønnabreen, som kan forserast utan noko form for utstyr. Belønninga når du kjem heilt opp er ei utsikt få turar kan matcha.
Får dagsturhytte på 1100 meter
– Det er ein mangfoldig tur, med både bre, høgfjell og dalar. Det er ei fantastisk utsikt der oppå, seier Hundseth.
Sjølv om stien er nær ved å stå klar, skal det enno skje store ting der. Akkurat no held kommunen på å setta opp ei dagsturhytte på Gulleplenipa, ein liten topp på 1100 meter som du passerer på veg opp til Keipen.
– Det som er fint med Keipen, er at du ikkje treng å gå til toppen. På Gulleplenipa får du òg god utsikt over Sognefjorden, seier Hundseth.
Fase to i arbeidet, som startar allereie i år, er å merka turen vidare frå Keipen og ned Dalsdalen mot Esebotn. Då kan du avslutta turen ein annan plass enn du starta.
Eit anna prosjekt som allereie har starta, er å byggja ein tilsvarande sti til Raudmelen 972 meter over havet, ein annan topp i Balestrand. Planen er at sherpaar skal jobba der heile juli:

Kvikne: – Velsigna oppgåve
– Målet er å løfta tur og vandring i området til eit høgare nivå. Keipen skal bli som eit fyrtårn for andre stiar, seier Hundseth.
Hotelldirektøren trur Keipen blir ein attraksjon som kan matcha Trolltunga og Preikestolen, kanskje ikkje i volum, men i opplevingar.
At vandring er eit stort og veksande segment i turistmarknaden, er noko han allereie har merka.
– Det er mange som er reiser berre for å gå på tur. Me har eigne grupper som kjem frå USA og Australia som er ute etter gode fjellopplevingar. Med det gode nettet av turar me har her i Balestrand, frå flatt til rett opp, så er det mogleg å gå mange turar og vera her i fleire dagar. Det er ei velsigna oppgåve å satsa på det, seier han.