SAMLA: Det er tre år sidan sist, men til helga skal endeleg The Huskies stå på scena att. Frå venstre: Ketil Thorbjørnsen, Eivind Lægreid, Kenneth Araneda Sandnes, Kenth Lægreid. Torleif Sand var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMLA: Det er tre år sidan sist, men til helga skal endeleg The Huskies stå på scena att. Frå venstre: Ketil Thorbjørnsen, Eivind Lægreid, Kenneth Araneda Sandnes, Kenth Lægreid. Torleif Sand var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Etter tre års pause står dei endeleg på scena att

– Det har vore stille ei stund, litt for lenge.

Årdal: Sist dei spelte saman var på Kom Heimatt i Lærdal sommaren 2013. Tre år er litt for lang tid, så til helga skal bluesrockarane i The Huskies stå på scena saman att på Utla Café og Bar.

– Me fann ut at no berre køyrer me på igjen. Det låt bra før, men me har hatt så mykje å gjera, og det stoppa litt opp etter at me var på Notodden og spelte der. Me nådde ein slags «peak» då me kom til finalen i Union Blues Cup, seier Kenneth Araneda Sandnes, gitarist i The Huskies.

Bandet kom seg heile vegen til finalen, men måtte sjå seg slått der. Heile 76 band deltok.

– Me var nok ikkje heilt klare over kva me kunne vinna den gongen, som var ein platekontrakt. Me rauk i finalen, og det var like greitt, trur eg.

Tidsklemma

Latteren sit laust då Porten.no møtte fire av fem bandmedlemmar. Sistemann, Torleif Sand, var oppteken, slik dei alle har vore med sitt dei siste åra. Ulike bandkonstellasjonar og prosjekt har dei hatt tid til, men no skal dei spela saman att.

– Sjølv om me rauk i finalen byrja spelejobbane å koma. Me fekk tilbod om masse, men me takka nei til alt fordi me ikkje hadde tid. Me fekk det ikkje til å gå opp, seier Sandnes vidare. 

Artikkelen held fram under biletet.

TIDSKLEMMA: Karane i The Huskies har hatt det travelt med sitt sidan sist dei spelte saman. Her spelte dei saman på Jordeplerock i Lærdal.
TIDSKLEMMA: Karane i The Huskies har hatt det travelt med sitt sidan sist dei spelte saman. Her spelte dei saman på Jordeplerock i Lærdal.

– Så no er me tilbake til å sitja i Hugin i Utladalen og drikke kaffi. Det er ikkje så mykje me får spelt. Me er foreldre alle saman, så me spelar to songar, og så preikar me drit. Det er greitt å ha ein plass å rømma, smiler Ketil Thorbjørnsen, som har vore oppteken med sitt eige plateprosjekt.

Sonny Boy Williamson

Med alle dei gode gamle bluesrockarane som sin inspirasjon, spelar dei musikk for alle komande laurdag. Av alle blueslegendar er det Sonny Boy Williamson dei drar fram. Det er sjølvsagt ei god historie bak det.

– Sist eg var på radioen og snakka om Huskies, var han den einaste eg kom på då dei stilte spørsmål om kven som var inspirasjon, ler Thorbjørnsen.

– Ja, eg hadde ikkje høyrt om han ein gong, seier Sandnes.

Meir latter. Dynamikken i gruppa er god, og det lovar godt for laurdag.

– Me går på med eit smell og leverer alltid 110 prosent. No er me ekstra tente sidan me ikkje har spelt saman på lenge. Det blir fantastisk bra, seier Kenth Lægreid.

Til toppen