Leikanger: Han har vore redaktør i Sogn Avis dei siste 13 åra, og før det var han journalist i avisa.
Men no pakkar Jan Inge Fardal (61) kofferten og flyttar til Oslo, der han har fått jobb som redaktør for Nynorsk pressekontor. Det melder Sogn Avis fredag.
– Eg har vore redaktør i 13 år, og det er gjerne lenge nok. Når dette dukka opp, og Amedia tek over, er det ideelt å få inn nye krefter i Sogn Avis no, seier Fardal, og siktar til det nylege eigarbytet.
Fardal tek over for Karoline Riise Kristiansen, som er tilsett som språksjef i NRK. Kirsten Offerdal er konstituert redaktør for NPK fram til Fardal tek til i stillinga.
- Les òg: Amedia kjøper Sogn Avis
Uventa på styreleiaren
Sogn Avis skriv at oppsigelsen frå Fardal kom litt uventa på styreleiaren.
– Eg tenkjer at dette er eit tilbod som var ei stor utfordring og ein moglegheit han ville takka ja til, og respekterer at han ville prøva ei ny utfordring, seier styreleiar Svein Atle Huus.
I slutten av september blei det kjent at Sogn Avis vart kjøpt opp av mediekonsernet Amedia, som frå før av eig mellom anna Firda og Firdaposten.