SIGER: Jotun/ÅTIL tok sin første siger i sesongen. Foto: Kaja Nygård. 
SIGER: Jotun/ÅTIL tok sin første siger i sesongen. Foto: Kaja Nygård. 

Etterlengta siger

Laurdag spela Jotun/ÅTIL heimekamp mot Årstad 2.

Jotun/ÅTIL – Årstad 2: 19-15

Årdal: Etter berre tap smaka det godt med siger over Årstad 2, og det på heimebane.

Det var godt oppmøte laurdag, og stemninga på tribuna var på topp frå første kast.  Tilskodarane var klare for å heie fram eit lag, som fram til no ikkje har nådd heilt opp.

Trenar Olafur Sveinsson har alltid hatt trua, men ikkje lagt skjul på at Jotun/ÅTIL er eit ungt lag og dei treng tid. Tida var inne laurdag då dei frå start spela ein av sine beste kampar.

- Laget er no blitt meir rutinerte og endeleg fekk me att for all treninga me har lagt ned, seier ein glad trenar Olafur Sveinsson etter kampen.

Artikkelen held fram under biletet. 

MÅLSCORAR: Marita Hestetun var ein av målscorarane.
MÅLSCORAR: Marita Hestetun var ein av målscorarane.

Leda til pause

Det var ein spanande kamp då dei gjennom første omgang ofte låg likt. Jotun/ÅTIL klarte alltid å hevde seg, og låg aldri under.  Dei kunne gå til pause med overtak då dei leda 10-9.

Under første omgang vart det utdelt 1 gult kort til Jotun/ÅTIL og heimelaget fekk 1 straffe. Denne var det Linn Løvdahl som sikkert putta i mål.

Andre omgang med trøkk

Ann Iren Hunderi stod som ein klippe i mål og slapp kun inn 6 mål i andre omgang. Keeperen til Jotun/ÅTIL har tidlegare blitt framheva av trenar Sveinsson og spelte veldig godt også i denne kampen.

Dei siste 10 minuttane hadde publikum verkeleg trua på at det endeleg skulle gå vegen. Heiarop og trampeklapp ljoma entusiastisk i Årdalshallen. Når det var att 5 minutt var stillinga 18-14. Jotun/ÅTIL fekk inn kampens siste mål i siste minutt. Kampen enda 19-15.

Også i andre omgang putta Linn Løvdahl sikkert inn omgangens einaste straffe. Det vart utdelt 5 gule kort denne omgangen, der 2 av dei gjekk til Jotun/ÅTIL.

Linn Løvdahl hadde ein god kamp og vart kåra til banens beste spelar.

Artikkelen held fram under biletet. 

VELFORTJENT: Linn Løvdahl blei kåra til banens beste.
VELFORTJENT: Linn Løvdahl blei kåra til banens beste.

Nyte sigeren

- Dette har positiv innvirkning på spelarane, etter ein sesong med tap etter tap, seier Sveinsson. 

Han fortel vidare at gjengen har stått bra på. Kampen laurdag var ein teknisk god kamp og spelarane gjer no betre val i ulike situasjonar.

Laget er nøgde med å endeleg få sesongen første siger og det er også Sveinsson. 

- Me skal nyte sigeren.

 

Til toppen